Dei neste fire åra vil bli avgjerande for lakseoppdrett sin status som kystnæring. For dei lokaleigde selskapa er det livsviktig å ikkje tape ytterlegare terreng til dei store aktørane, skriv informasjonsmedarbeider Øyvind Kråkås på Salmon Group si heimeside. Her er ein gjennomgang av nokre av dei viktigaste sakene for norsk laksenæring.
Vekst i tilbodet av laks vil vere viktig for å kunne møte ein marknad som etterspør stadig meir fisk. Prisar på oppunder 50 kroner kiloet syner at gapet mellom tilbod og etterspurnad no er for stort, og over tid vil dette svekke laksen sin relative posisjon i verdsmarkanden. I inneverande Stortingsperiode har der ikkje vorte tildelt ny kapasitet, med unntak av konsesjonane setjestatsråd Trond Giske delte ut etter klagehandsaming frå førre tildeling. Nye «grøne» konsesjonar er utlyste, med tildelingskriterier som er enno meir uklare enn i den utskjelte «foredlingstildelinga». Dei politiske kompromissa ser ut til å ha ramla over kvarandre i denne saka.
Salmon Group tok til orde for at ein generell vekst i MTB burde nyttast som vekstfremjar denne gongen, då dette kunne gje rask utteljing i tilbodet og vere ei rettferdig fordeling av veksten. Teknologiutvikling bør skje gjennom FoU-ordninga og gjerne med ei styrking av denne. Til dømes bør selskap som lukkast med å kommersialisere ny og betre teknologi kunne få omgjort ein FoU-konsesjon til eit permanent løyve. Å utvikle ny teknologi krev prøving, feiling og risikovilje. Denne perioden er i seg sjølv ikkje lønsam, men ei risikofylt investering. Der føreligge ingen ny teknologi som er klar for å erstatte konvensjonelle produksjonsmetodar, slik enkelte kritikarar hevdar.
Marknadstilgangen har vore generelt stabil for norsk fisk dei seinare åra, eit kriseråka EU har ikkje sett seg tent med å legge ytterlegare byrde på sin eigen viktige foredlingsindustri gjennom å strupe tilgangen av råvarer frå Noreg. Forholdet til Kina har vore vanskeleg etter tildelinga av Nobels Fredspris til dissidenten Liu Xiaobo. Den kinesiske markanden for norsk laks og aure har ikkje vore mellom dei største til no, men han representerer sjølvsagt eit nesten ubegripeleg vekstpotensiale. Russland har vore hovudpinen for norsk fiskeeksport dei siste åra, med stadige restriksjonar mot norske slakteri. I hovudsak føregår desse diskusjonane på forvaltningsnivå, mellom russisk og norsk mattilsyn. Likevel handlar dette om tillit mellom nasjonar, og om frihandel. Dette er utanrikspolitiske oppgåver, og Russland er vår største nabo. Eit godt tilhøve mellom nasjonane er og blir ei viktig oppgåve.
Sjølv om dei fleste politikarar har liten eller ingen detaljkunnskap om fiskeoppdrett, har viljen til å detaljstyre til tider vore sterk hos ein del av dei. Føreseielege, overordna rammer er eit evig mantra i våre oppmodingar til politikarane. Planlegging av produksjonen, investering i utstyr og utlegging av lokalitetar må kunne skje med utsikter til ei stabil forvaltning. Ideen om sokalla «produksjonsområde» er den mest omfattande trusselen mot ein lokalt basert struktur i dag. Her vil aktørar som har satsa på geografisk nærleik mellom sine lokalitetar bli straffa. Salmon Group meiner at omlegginga til produksjonsområde er for omfattande og samstundes har for liten dokumentert effekt til at den bør gjennomførast.
Etter press frå ESA har den sitjande regjeringa oppheva eigarskapsavgrensinga. Dette vil forplikte ytterlegare dersom ein ynskjer at lokalt eigarskap framleis skal bety noko i norsk oppdrettsnæring. Heile sjømatnæringa trenge at vi går inn i ein periode med politikarar som vågar å satse på sektoren. Potensielt kan laksenæringa vere ein vekstmotor for kysten i åra som kjem, saman med fiskeri, maritim næring og oljeservice. Men fire nye år med ei problemfokusert styring av næringa, og ei manglande forståing til kva det vil seie å opptre som leverandør til verdsmarkanden, kan bli skjebnesvangert. I beste fall går norsk laksenæring sjumilssteg dei komande åra, noko den norske staten, det norske folket og ei rekke kystsamfunn vil nyte godt av. I verste fall kan det neste Stortinget og den neste regjeringa spolere potensialet til norsk laks for alltid.