Ordreboom for ferskvassbasseng

1523

Sals- og marknadssjef i Plany, Kenneth Brandal, har lang og samansett erfaring frå havbruksnæringa fleire stadar i verda, og Sande-bedrifta Plany vart pionerar i utviklinga av ferskvassbasseng.

– Det handlar om å forstå og fange opp kva som er behova i ei næring, seier han.

Kenneth Brandal

Slik kunne Plany kombinere kunnskapen om utfordringane innan oppdrett med bedrifta si årelange erfaring innan produksjon av presenningsløysingar og verte marknadsleiande innan ferskvassbasseng.

Store gevinstar
Brandal fortel at Plany prøver å sjå trendar og behov som strekkjer seg fram i tid og så utvikle dei produkta som trengst. Denne gongen gjaldt det behandling av gjellesjukdomen AGD og avlusing ved bruk av ferskvatn. Lakselusa døyr i ferskvatn, og det er i ferd med å vekse fram meir bruk av brønnbåtar som tek laksen om bord frå merdane, og gjer laksen lusefri i løpet av nokre timars opphald i ferskvatn om bord i båtane. Slik kjemikalie- og medisinfri avlusing har store gevinstar.

Utfordringa er tilgang på ferskvatn. Det er langt mellom stadene der ein brønnbåt kan legge til og ha tilgang til store vasskjelder, og det tek svært lang tid å fylle opp båtane. Med ferskvassbasseng har ein vatnet når det trengst og ein kan ein laste opp sjølv ein av dei største brønnbåtane på ein time. Ferskvassbassenga er også store nok til å fylle to av dei største brønnbåtane om det trengst.

Bassenga er 120 meter i omkrins og alt etter djupna inneheld dei mellom 5.500 og 7.800 kubikkmeter vatn. Frå overflata ser bassenga ut som andre merdar, men er sjølvsagt tette.

Ny og forbetra versjon
Utviklinga av ferskvassbassenga starta saman med kundar vinteren 2014. No er den neste generasjonen av bassenga på marknaden, Plany Ferskvassbasseng V2.

– Vi har lært i lag med brukarane, diskutert med gode samarbeidspartnarar og presenterer no ein forbetra versjon som gir betre driftssikkerheit, seier Brandal.

Den første utgava av Plany Ferskvassbasseng V2 vart testa ut i Rørvik i vår. I utviklinga av V2 har ein hatt fokus på auka styrke og betra kvalitet i tillegg til betre brukaropplæring med nye brukarmanualar og hjelp under utsetjing av ferskvassbassenga. Både resultata av testane og tilbakemeldingane frå kunden  var veldig gode, og det er no selt over tretti ferskvassbasseng.

Stor aktivitet
Store og små aktørar innan havbruksnæringa både i og utanfor Noreg har teke ferskvassbassenga i bruk. Kenneth Brandal seier at ferskvassbasseng må sjåast på som ein del av havbruksnæringa sin AGD- og lakselusberedskap, og han har stor tru på at bassenget både vil gjere god nytte for kundane og bety mykje aktivitet for Plany.

– På dette området har vi no fylt opp ordrebøkene for ei god stund framover.

Bestillingane er så mange at den største utfordringa no er å få tilsett fleire folk slik at ein kan auke produksjonskapasiteten, men det blir arbeidd hardt med å få ei løysing på dette.

– Og vi vil vere klar til å levere fleire av desse lønsame løysingane til kundane våre, legg Brandal til.