Raudt: – Oppdrett treng samfunnsmessig styring og må temjast

438

I eit lesarbrev til Firdaposten seier Einar Rysjedal i partiet Raudt Høyanger at oppdrett er «ei næring som treng samfunnsmessig styring og må temjast». Han seier videre at «Journalist og forfattar Morten Strøksnes har i fleire artiklar i Bergens Tidende avslørt kva som skjer i oppdrettsnæringa».

Avisa Firda fortalde laurdag 10. aug. om at daud og rotnande oppdrettsfisk frå firmaet Seamatech forpesta Vadheim. Dette har vore ei plage for både innbyggjarar, næringsdrivande og hotellgjester. Høyanger kommune måtte truge med tvangsmulkt før firmaet ordna opp etter seg.

Det er visst ikkje første gongen liknande skjer. Også derfor er hendinga eit ypparleg eksempel på ei næring som treng samfunnsmessig styring og må temjast. Det gjeld både verksemda på land og ikkje minst der mestedelen av oppdrettsaktiviteten føregår – i sjøen.

Utsleppet av næringsstoff har auka kraftig sidan 1990. Fosforutsleppa har auka frå 1500 til 8000 tonn i 2010 og nitrogenutsleppa frå 7000 til 45000 tonn. Utsleppa av desse næringssalta betyr nedslamming og tilgroing av viktige oppvekstområde for villfisk og dyr. Norske fjordar har ofte god vassutskifting, men ein veit ikkje heilt sikkert kva som er fjordane si tålegrense.

Riksrevisjonen gjennomførte for eit par år sidan ein omfattande undersøkjing. Den konkluderte med at den sterke veksten i næringa ”innebærer betydelige miljømessige utfordringer”. Undersøkinga sa vidare at næringa framleis er eit trugsmål mot villaksen sitt genetiske mangfald. Vidare at ”Forekomsten av lus  har en negativ innvirkning på villfisk, særlig sjøørretten”. Siste sitat frå undersøkinga: ”Kjemikalier slippes imidlertid urenset ut i vannet frå anleggene og det er påvist at slike midler påfører naturen skader”.

Journalist og forfattar Morten Strøksnes har i fleire artiklar i Bergens Tidende avslørt kva som skjer i oppdrettsnæringa. Det har vore skremmande lesnad og det har styrka oss i trua på at oppdrettsnæringa må styrast med hard hand.

Raudt har reist krav om at all fiskeoppdrett må inn i lukka anlegg. Kommunar og fylkeskommunar må ikkje gje nye konsesjonar til opne anlegg og det må lagast ein plan for at eksisterande anlegg blir lukka. Det må ikkje vere ein plan over mange år.

Oppdrettarane, og oppdrettstatsråd Berg Hansen blant desse, vil nok skrike opp mot Raudt sitt krav. Millionærar og milliardærar si bekymring for eigen profitt bryr Raudt seg lite om. Vår bekymring er fjord- og havmiljøet, villfisken, fiskeria og dermed busetjinga på kysten. Oppdrettsnæringa må temjast og anlegga lukkast før det er endå meir for seint.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal