Ny regjering – kva no?

347

Jens Stoltenberg takkar av etter åtte raudgrøne regjeringsår, og to periodar med fiskeriminister frå Arbeiderpartiet er til ende. Vi kan no få ei regjering med inntil fire borgarelege parti. Kva kan vi i havbruksnæringa vente oss av endringar i tida som kjem? 

Det er Salmon Group som reiser denne problemstillinga på si Facebook-side:

Høgre vil etter alt å døme få statsministeren i den nye regjeringa, og dei har varsla ei endring i departementsstruktur. Dermed er det ikkje sikkert at vi får eit Fiskeri- og kystdepartement i den komande regjeringsperioden. Eit felles Matdepartement for både fisk og landbruk kan bli løysinga.

Opning for vekst

Der er stort sprik mellom enkelte av dei borgarlege partia sine tankar om snarleg vekst i næringa, men dei to tungvekterane Høgre og FrP har tydeleg signalisert at dei ynskjer seg eit auka produksjonsvolum av laks i åra som kjem. Salmon Group trur neppe dei vil stogge prosessen med på tildele «grøne konsesjonar», men vi kan kome til å sjå ein etterspurt MTB-vekst snarare enn tidlegare venta.

Tollsatsar

Mange i fiskerinæringane har vore urolege for den avtroppande regjeringa si bruk av tollvern for å beskytte norske landbruksprodukt. Friskt i minnet sit EU sine handelshindringar for norsk laks attende til tusenårsskiftet. Dei borgarlege partia har ytra mykje kritikk mot denne typen verkemiddel, og vi må kunne rekne med at det blir mindre aktuelt i den komande perioden. Like fullt møter ein andre typar hinder i andre marknader, der byte av regjering ikkje står fram som noka automatisk løysing på problema.

Produksjonsområde

Høgre har programfesta at ein ynskjer ei regionalisering av næringa med «regionale kapasitetar». Om dette er Gullestad-utvalet sine produksjonsområde, er uvisst. Frå FHL hold blir det teke eit initiativ til å dele landet i tre sonar utan transport av levande fisk over grensene. Det er grunn til å vere obs på at ei meir omfattande soneinndeling av landet, med regulering av utsett og brakklegging, kan vere på plankartet.

Merkekrav

Individmerking av fisk er også eit tema som har vore spesifisert i enkelte av partiprogramma. Denne diskusjonen vil garantert melde seg sterkt i løpet av kort tid. Styresmaktene vil framleis rekne lus og røming som næringa sine hovudutfordringar, så lenge forvaltninga står fast ved at dette er dei to fremste trugsmåla for ville laksebestandar. Salmon Group ser fram til ein nøktern og kunnskapsbasert diskusjon om rømingsproblematikken og effektane av merking.