Minimalt med antibiotika

875

Ingen land i Europa bruker mindre antibiotika i matproduksjonen enn Norge. Effektivt oppdrett av laks er ei viktig årsak.

ei samanlikning av 25 europeiske land kjem Norge ut med desidert lågast forbruk av antibiotika i matproduksjonen. Det viser ein oversikt frå EU-organet European Medicines Agency (EMA), som følgjer medisinbruken og farmasibransjen tett.

Antibiotikabruken per kilo biomasse er her i landet under ein tredjedel av i Sverige, som også ligg lågt i europeisk samanheng. Samanlikna med Norge ligg forbruket i Danmark ti gonger høgare. Tyskland bruker over 50 gonger meir antibiotika i matproduksjonen, medan fleire middelhavsland troner på toppen med over 100 gonger høgare sal av antibiotika enn her i landet, skriv Nationen.

Folkehelseinstituttet seier det låge forbruket av antibiotika i den norske matproduksjonen er ein stor fordel for folkehelsa og helsevesenet.

– Det er flott av forbruket av antibiotika til dyr er så lågt her i landet samanlikna med andre europeiske land. Det har stor betydning for at det er langt færre antibiotikaresistente bakteriar her i landet, noko som er ein stor fordel for både folkehelsa, pasientar og helsevesenet, seier seniorrådgjevar Petter Elstrøm i Folkehelseinstituttet.

I EU reknar ein det er 25.000 dødsfall årleg direkte knytt til resistente bakteriar. Kostnadene knytt til resistente bakteriar i EU er ifølgje Folkehelseinstituttet rekna til 1,5 billion euro totalt per år. Det utgjer rundt 12,6 billionar kroner, eller rundt to oljefond. Elstrøm seier det er grunn til å tru at den norske landbrukspolitikken spelar ei viktig rolle for forskjellane i forbruket av antibiotika og førekomsten av resistente bakteriar mellom landa.

Ifølgje Elstrøm er det ein direkte samanheng mellom lite bruk av antibiotika og låg førekomst av resistente bakteriar. I fleire EU-land har opp mot halvparten av bakteriar som gule stafylokokkar utvikla resistens mot antibiotika. Her i landet er vel 1 prosent av stafylokokkane resistente og det oppstår berre rundt 15 alvorlege tilfelle i året. I mange av tilfella er personane smitta i utlandet.

Han viser til at pasientar må leggjast i isolat når dei er smitta av resistente bakteriar, noko som fører til stor ressursbruk og lengre liggjetid på sjukehus. I EU blir det rekna at resistente bakteriar fører til 2,5 millionar ekstra liggjedøgn på sjukehus, noko som isolert sett skal koste 900 millionar euro i året. Folkehelseinstituttet vurderer nå å rekne på kor mykje den gunstige situasjonen rundt antibiotika og resistens sparer det norske samfunnet for.

Forbruket av antibiotika her i landet har lege stabilt i mange år, trass i at matproduksjonen har auka. Forskar Anne Margrete Urdahl på Veterinærinstituttet seier det er mange grunnar til det låge norske forbruket.

– Landbruket her i landet har lenge brukt lite antibiotika. Vi har eit restriktivt regime, men òg god dyrehelse, lite smittepress, spreidd produksjon, små bruk og veldig strenge reglar for import. Midt på 90-talet blei det òg forbod mot å bruke antibiotika som vekstfremjande middel i fôret, seier Urdahl.

Innan fiskeoppdrett var antibiotikaforbruket høgt på 80-talet.

– Sidan har det gått drastisk ned og nå ligg det veldig lågt, seier ho til Nationen.