Gode ringvirkningar frå arbeid med strakstiltak

355

– Kunnskap og erfaringar frå pilotprosjektet i Hardangerfjorden skal kome til nytte andre stader i landet, framhever leiar for styringsgruppa, Jens Chr. Holm.

Eit viktig strakstiltak som er utført er etablering og drift av fiskefella i Etneelva.

Styringsgruppa for det nasjonale prosjektet i Hardanger har no oppsummert status for arbeidet med strakstiltak for vill laksefisk i Hardangerfjorden i fjor.

Dei viktigaste strakstiltaka som er utført er etablering og drift av fiskefella i Etneelva, utfisking av fisk rømt frå oppdrett samt kartlegging av sjøaurebekkar og overvaking av utvandra smolt og lakselus på sjøaure.

Ny kunnskap
Dei viktigaste resultata er ny kunnskap om villfisken i Hardangerfjorden og erfaring med metodar for fangst og undersøking av fisk, meiner leiar for styringsgruppa og direktør i Fiskeridirektoratet, Jens Chr. Holm.

– Målet vårt er at kunnskap og erfaringar frå dette nasjonale pilotprosjektet skal kunne overførast til andre stader i landet, seier han.

Styringsgruppa skal elles nytte komande år til å vurdere vegen vidare for prosjektet.

Pilotprosjekt Hardangerfjorden:

  • Er eit nasjonalt pilotprosjekt, då tiltak, erfaringar og metode skal kunne overførst til andre stadar i landet.
  • Bakgrunnen for prosjektet var behovet for å utrede og gjennomføre moglege strakstiltak som skulle betre situasjonen for stammane av vill, anadrom laksefisk i Hardangerfjorden, i påvente av meir avgjerande løysingar på problema med lakselus og rømming.
  • Målet til prosjektet er å komme med framlegg til prioriterte strakstiltak for å redusere den samla, negative påverkinga på villaks og sjøaure i Hardangerfjordbassenget.
  • Piloprosjektet er eit samarbeid mellom Miljødirektoratet, Hordaland Fylkeskommune, Mattilsynet, Villfiskinteressane, Fiskeridirektoratet, kommunane og oppdrettsnæringa i området
  • Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe (SPH), fire arbeidsgrupper (vassdrag, lakselus, rømt laks og genbank) og eit eige styre for fiskefella i Etne.
  • Prosjektet blei etablert i 2010 og er leia av Fiskeridirektoratet.
  • Fiskeri- og kystdepartementet har gjeve økonomisk oppstartstønad til prosjektet.