Farleg fisk?

538

Oppdrettsnæringa står overfor eit omdømmeproblem, meiner forskar Ingvild Eide Graff ved Nifes. Henrik S. Huitfeldt, kreftlege og professor på Rikshospitalet, meiner at fisken kategorisk må reinsast for miljøgifter. I går var dei i debatt i Bergen.

Mattryggleik var temaet gårsdagens debatt «Forskningsdagene: Fisk – er dét og farleg no?», på Litteraturhuset i Bergen.

Etter at spesiallege Anne-Lise Bjørke Monsen ved Haukeland Universitetssjukehus fråråda mellom anna gravide å eta oppdrettslaks i sommar, herja debatten. Uvisse kring kor mykje giftstoff laksen inneheld og korleis stoffa påverkar desse gruppene, var gjennomgåande tematikk under sommarmånadene.

Det var det også måndag kveld, men forskar Ingvild Eide Graff – frå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (Nifes) – uttala at kvinnene ikkje treng å uroa seg.

– Forsking viser at det er farlegare for gravide å la vera å eta fisk. Oppdrettslaks er vesentleg mindre farleg i dag, viss det nokon gong har vore farleg. Ein må ikkje gløyma den positive og totale coktaileffekten som fisk dreg med seg, sa Eide Graff ifølge Bergens Tidende.

Det er heller slik at oppdrettsnæringa står overfor eit omdømmeproblem, meinte ho.

– For det har ingenting med mattryggleik å gjera.

Henrik S. Huitfeldt, kreftlege og professor på Rikshospitalet, hadde eit anna utgangspunkt for debatten. Han meiner at fisken kategorisk må reinsast for miljøgifter.

– Koplinga om å tola miljøgift på grunn av andre gode helseeffekter, den skjønar eg ikkje. Eg er meir oppteken av regelverket som avgrensar kor mykje stoff som kan vera i fiskefòr, påpeika Huitfeldt.

At gravide uroar seg for kor vidt dei skal eta fisk eller ikkje, er heller ikkje eit poeng. For det toget er for lengst køyrt, skriv BT.

– Viss dei skal vera forsiktige, så må dei vera forsiktige 15 år før ein vert gravid. Difor må me få større press i retning av reint fòr.

Kor vidt grenseverdiane for anbefalt inntak kan leggjast til grunn med godt samvit eller ikkje, fekk og sin plass. Eide Graff minna om at verdiane allereie har store sikkerheitsmarginar i seg, og at dei er basert på den mengda ein kan få i seg gjennom eit heilt liv.

– Det er heilt opplagt at det er for mykje avfallsstoff i havet, men grenseverdiane fortel oss kva som er trygt. Det er sunt å eta både laks og annan feit fisk i dag, sa forskar Terje Svåsand frå Havforskingsinstituttet.

For Bellona handla det ikkje berre om oppdrettslaks, men den overordna prinsipielle sida.

– Me må lyfta alle steinar, ingen vil ha gift i maten. Nokre hevdar at reinsing kan øydeleggja dei gode feittsyrene. Me må gjera noko med kjelda, for problemet vil veksa, sa Sigurd Enge, rådgjevar for marin forvalting.