Eit roleg liv langs kysten?

416

Kronikk: I dag ser me kanskje på Vestlandet med litt tåkete oljebriller. Mange nordmenn fryktar at olja skal ta slutt og kva skal skje med oss då? Havnar me på trygd heile gjengen? spør Arne Hjeltnes.

MENINGER 04.04.2014  Av Arne Hjeltnes

Vil det verta rolegare dagar langs kysten?

Eg trur ikkje det. Om oljealderen vert 60 eller 100 år, så kjem den likevel til å vera ein veldig kort periode av soga til sjøfarts- og fiskerinasjonen Noreg, om lag like lang som dampskipsoga kan hende?

Men frå kvar slik epoke tek me med oss noko vidare, akkurat som fiskarane på Austevoll eller på Herøya har vore med å gjera norsk oljenæring til verdsleiande.

Ny næring,  gamal erfaring

Fisken kjem til å vera der i framtida og. Men sjølv ei så gamaldags næring som fiske utviklar seg takka være innovatørar og ny kunnskap. Akvakultur går ikkje særleg lenger attende enn oljebransjen. Oppdrett av fisk kom for alvor i gang om lag på den tida me fekk fart på Nordsjøolja.

Ei ny næring bygd på gamal erfaring.

Kva et me viss me ikkje vil ha laks?

Og sjølv om nokre rynkar på nasen av ideen om å temma laksen eller å sjå merdar i fjordane, så er det utan noko som helst slags vitskapleg tvil at ein slik måte å produsera mat på, har vesentleg mindre påverknad på miljøet eller areal enn noko anna me skal eta. Spørsmålet me lyt stilla oss er sjølvsagt kva me puttar på middagstallerken, viss me ikkje vil ha laks.

Tømmer og fisk

Internasjonal handel og nordmenn sin eksport av teknologi, klede, maling og kunnskap starta med at dei drog frå kysten med tømmer og fisk. Starten av vår moderne fiskeksport kan reknast attende til skipet ”Nordstjernen” som midt på 1800-talet drog med klippfisk til Rio De Janeiro.

Torskeressursane, som me klokleg har forvalta, kastar av seg som eit stort fond kvart einaste år. Prisane har vore dårlege dei siste åra, men eg er viss på at me kan utvikla nye marknader og nye produkt av torsken. Berre vent å sjå.

Den store pengebinga

Kystlandskapet huser alt frå store verdiar til vakre opplevingar, ferd og ro. Om vinteren kjem dramatikken og dei farlege stormane, om sumaren turistane med kamera og superlativ.

Landet vårt er kalla opp etter ruta nordover, Norvegen. I gamle dagar då transport var noko meir krevjande enn det er i dag, var ruta langs kysten sjølve grunnlaget for verdiane me skapte.

Ny teknologi og eit stadig meir tenesteorientert arbeidsliv fyller opp triangelet mellom Lillehammer, Sandefjord og Fredrikstad. På Austlandet bur halvparten av innbyggarane våre. Kysten her austpå har vorte meir og meir knytt til sumar og rekreasjon.

Nokre fiskarar er det sjølvsagt att. Litt transport og.

Men kysten frå Vestlandet og nordover er den store pengebinga vår.

Dei marine næringane

Ny kystkunnskap melder seg på heilt nye område som bioprospektering og utnytting av tang, mineral og andre ressursar me ikkje visste at me hadde. På Vestlandskonferansen i år sa Helge Møgster at dei marine næringane kjem til å veksa.

Transportnæringa er nok heller ikkje ferdige med å bruka kysten. Svaret på miljøvenleg frakt vil gjera at meir og meir må over på båt.

Reiselivsbransjen aukar og verdiskapinga si. Hurtigruta hadde sitt beste år på svært lenge i fjor. Det ligg verdiar langs kysten på nær sagt alle område.

Kysten vår kastar så godt av seg, fordi me brukar den aktivt. Med kløkt, kunnskap og erfaring.

Eg er utan atterhald ein kystoptimist!

Kronikken er hentet fra nettstedet Sysla.no.

Arne Hjeltnes er konsernsjef i det digitale kommunikasjonsbyrået Creuna, og medlem i Høyres sentralstyre. Mest kjent som tv-personlighet. Har tidligere jobbet som representant for Eksportutvalget for fisk i Hong Kong, og vært reiselivsutsending for Innovasjon Norge i New York.  Har også vært kommunikasjonsdirektør i Marine Harvest.