Øyvind Kråkås i Salmon Group reagerer på at Miljøpartiet Dei Grøne skildrar oppdrettarane som «kaksar i ei vill vest-næring».
– Det er heilt på sin plass at eit parti har sine meiningar om driftsforma til oppdrettsnæringa, men det at dei kallar oppdrettarane «kaksar», har eg vanskeleg for å svelgje, seier informasjonssjef Øyvind Kråkås i Salmon Group, etter at fylkesleiar Tor Øyvind Westbye i Miljøpartiet Dei Grøne gjekk hardt ut mot oppdrettsnæringa i Firdaposten.
– Næringa har mange kaksar som gjer som dei vil. Næringa er i seg sjølv i ein slags «vill vest-fase» enno om ein samanliknar med landbasert industri. Den slit også med elending dyrevelferd, giftproblematikk og utslepp av kloakk rett i sjøen, understreka Westbye den gongen. Denne uttalen har fått mange i oppdrettsnæringa til å reagere.
– «Kakse» er ei urettvis framstilling. Oppdrettarane er bedriftseigarar på lik linje med andre bedriftseigarar, og dei investerer i lokalsamfunna langs kysten. Det er ikkje slik at vegen til rikdom er lettare innan lakseoppdrettsnæringa enn i andre næringar. Westbye undervurderer krava som blir stilt til oppdrettarane, både med tanke på å halde seg oppdatert og ikkje kor mykje dedikasjon og risikovilje på kapitalsida som krevst, seier Kråkås til Firdaposten.
Og han avviser fullstendig at næringa er i ein «vill vest-fase». Langt derifrå.
– Vi har eit ekstremt komplisert og fragmentert regelverk å halde oss til, i tillegg til veldig mange sektorstyresmakter vi skal halde oss til samstundes. Berre det å halde seg oppdatert på regelverket krev minst ei stilling per bedrift, seier Kråkås og presiserer:
– Når det gjeld forureining følger vi dei berekraftsutrekningane som er lagt av forvaltinga etter ein grundig vurdering av lokaliteten. Det blir veldig strengt følgt opp, seier han.