Salmon Blog: Vinden blæs vekk frå land

Meninger
780

Salet av Cermaq er ikkje spesielt oppsiktsvekkande. Allereie i fjor selde ein ut store deler av «dei norske verdiane» då fôrprodusenten EWOS vart levert over på amerikanske hender. Den produksjonen av fisk som selskapet no sit att med, føregår for ein stor del i utlandet. Gjennom å produsere fisk i Chile, har den norske staten konkurrert med norske oppdrettarar.

Staten sine eigarinteresser i norsk oppdrettsnæring har vore ei temmeleg likegyldig affære, og det har variert med dei politiske straumane. I si tid selde staten Hydro Seafood til det hollandske selskapet Marine Harvest, ein del av dagens konsern med same namn. Litt etterpå tok ein på ny til med å byggje opp eit statleg lakseselskap, tufta på statlege interesser i fôrproduksjon.

Medan regjerings- og stortingspolitikarane har hatt mange og sterke meiningar om kva veg næringa burde ta, og kva omsyn ho burde fylgje, har innblandinga i Cermaq våre nokså usynleg. Staten har ikkje teke noko posisjon når det kjem til teknologiutvikling, foredling eller andre ansvarsområde for næringa sin samfunnspåverknad gjennom Cermaq. Kanskje har det vore rett å ikkje blande politikk med drifta, men det stiller igjen spørsmål ved kva motiv ein har hatt for å sitje med dominerande eigarskap i eit selskap.

John Fredriksen har etter mitt syn vore ein betre eigar enn den norske staten. Han har synt dedikasjon til selskapet, som under hans eigarskap har satsa på utvikling og vore aktive i ordskiftet. Det er ikkje behageleg å vere hans konkurrent, men ein kan forstå kva han vil. Men no verkar hans eigarskap meir usikkert enn på lenge, kompanjongen Tor Olav Trøim sin retrett frå Fredriksen-systemet har synt at det er eit personavhengig apparat. På eit eller anna tidspunkt kan det verke hensiktsmessig for Fredriksen å veksle aksjane i Marine Harvest inn i andre verdiar.

Samstundes med desse hendingane som får stor merksemd i media, er der i ferd med å skje ei meir anonym lovendring. Regjeringa har føreslege å fjerne den siste resten av eigarskapsavgrensingar for norsk lakseoppdrett. Regelen om eit tak på enkeltaktørar sitt eigarskap på 25 % av nasjonal MTB, vart fjerna av den førre regjeringa under påtrykk frå Marine Harvest og ESA,, overvakingsorganet for EØS-avtalen. Den tynne veven av krav som då sto att till eigarskapskonsentrasjon, er no føreslegen fjerna. Dermed står døra høg og porten vid for store fusjonar og oppkjøp.

For tunge globale aktørar er det dermed snart mogleg å ikkje berre kjøpe opp enkelte norske oppdrettsselskap, men å kjøpe fleire og slå dei saman. Dagens Marine Harvest er eit resultat av slike fusjonar, men framtidas fusjon kan bli noko langt større. Petter Stordalen stilte ein gong spørsmålet om kva det norske embetsverket hadde å stille opp mot «agurkmålarane i EU». I dag er det interessant å tenke tanken om kva norsk kystsone- og havbruksforvaltning har å stille opp med mot dei globale kapitalgigantane sine juristar.

Kapitaleigarar som er busette i utlandet, har den fordelen at dei ikkje treng å betale norske skattar på dei verdiane dei sit med. I oppdrettsnæringa, der staten si regulering og utporsjonering av volum har pressa konsesjonsverdiane i taket, snakkar ein fort om mykje pengar. Men i den store skattekabalen burde det slå ikkje berre politikarane, men og Finansdepartementet at det ein vinne på høge konsesjonsgebyr, kan bli borte i tapte skattar og andre ringverknader lokalt og nasjonalt. Det er og å vente seg at alle forsøk på norske særreglar vil falle på steingrunn. Mekanismen med eit lokalt og nasjonalt eigarskap, kan ikkje avløysast med jus.

Det er som regel slik at ein veit ikkje kva ein har før det vert borte. I takt med veksten i produksjon og verdiskaping, har norsk oppdrett stadig vorte framstilt som eit problem for landet og mange av innbyggjarane. Men etter den neste runden med omstrukturering og eigarskapskonsentrasjon, på fint kalla «konsolidering», trur eg langt fleire vil bli klar over at ei norskeigd og mangfaldig oppdrettsnæring var ein stor sjanse som gjekk tapt.