– Stad skipstunnel handlar ikkje om luksus. Det handlar om liv.

Meninger
0

For folk som aldri har jobba på sjøen, er det lett å sjå på Stad skipstunnel som eit dyrt prestigeprosjekt. Men for oss som lever av havet, handlar dette ikkje om symbolpolitikk. Det handlar om tryggleik, arbeidsforhold og om å komme heim igjen i live.

Stadhavet er ikkje berre “eit stykke hav”. Det er ein del av arbeidsdagen til tusenvis av menneske langs kysten.

På same måte som folk køyrer taxi til møte, køyrer bussrute, søppelbil, postbil eller heimeteneste gjennom tunnelar og over trygge vegar – så passerer vi Stad.

Forskjellen er berre at fleire dagar i veka er denne “vegen” eit reint helvete.

Tenk deg om vegen mellom Oslo og Drammen fleire dagar i veka blei råka av eit ekstremt vêrfenomen som velta trailarar, bilar og bussar av vegen. Tenk deg at ambulanser måtte stå stille i timevis fordi vinden var for sterk. At folk måtte ringe heim og seie: “Vi kjem oss ikkje vidare. Vi må vente på betre vêr.”

Det er realiteten på Stad.

Kråkenes fyr er ein av dei mest vêrharde plassane i Norge, med over 100 stormdagar enkelte år. Kombinasjonen av havstraumar, bølger og vind gjer Stadhavet til det mest vêrutsette havområdet langs norskekysten. Bølger på opptil 30 meter er registrert her. Sidan andre verdskrig har minst 34 menneske mist livet på Stadhavet.

Begge brørne mine jobbar på sjøen. Dei er berre 19 og 20 år gamle. Eg sjølv byrja å jobbe på sjøen då eg var 18. Slik er det langs kysten. Mange av oss veks opp med havet som arbeidsplass.

På fire år på servicebåt passerte vi Stad rundt 60 gongar.

Omtrent 40 prosent av gongane måtte vi ligge vêrfast på eine sida fordi forholda var for farlege. Vi snakkar ikkje om litt ubehageleg sjø. Vi snakkar om reell fare for liv og helse.

40 prosent av gongane gjekk vi likevel. Då blir arbeidsdagen snudd på hovudet. Ting velter og knuser om bord. Det er nesten umogleg å sove, lage mat, dusje eller gjere kontorarbeid. Mange blir sjøsjuke og sit på toalettet i fleire timar. Resten av mannskapet sit berre og held seg fast medan båten blir kasta rundt.

Så har du dei siste 20 prosentane.

Då er Stad noko av det vakraste Norge har å by på.

Klippene som stig rett opp frå havet ser ut som dei kjem frå Jurassic Park. Millionar av bølger har forma landskapet gjennom tusenvis av år. Hoddevik og Ervik trekkjer til seg folk frå heile Europa som kjem for å surfe og oppleve naturen.

Men om du går opp på kyrkjegarden i Ervik, ser du ei påminning om kva Stad også er.

Gamle jernkors. Gravsteinar. Og ein stor minnestein med namna på menneske som aldri kom heim frå Stadhavet.

Dette handlar ikkje berre om komfort. Det handlar om tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø for kystfolket.

Stad skipstunnel vil:
– redusere risikoen for skipsulykker
– gi tryggare arbeidsforhold
– redusere ventetid og vêrfast liggetid
– gjere sjøtransport meir stabil og miljøvennleg
– flytte meir gods frå veg til sjø

Kystverket anslår at 81 prosent av dagens skipstrafikk vil kunne bruke tunnelen.

Norge snakkar stadig om å satse meir på sjøtransport, eksport og kystnæring. Då må vi også investere i infrastrukturen som held kysten i gang.

For folk som bur langs kysten er ikkje Stad skipstunnel eit luksusprosjekt.

Det er ein tryggare arbeidsveg heim.