Salmon Blog: På tide med ei oppteljing?

Meninger
783

Etter å ha fått kritikk for manglande politisk vilje, synte statsråden handlekraft då ho innførte tiltak mot eksportstoggen til Russland. Tiltaka var ikkje ei subsidiering eller ei gåvepakke, slik enkelte synest å tru, men rett og slett ei opning for å halde ein del fisk til ei større slaktevekt, og å unngå ei dumping i ein mellombels avgrensa marknad, spesielt for aure. Det var nettopp for slike situasjonar at rullerande gjennomsnitts MTB kunne vere ei god ordning, då det opnar for meir individuell planlegging av produksjon.

Dei som meiner at alle no kjem til å velje den same strategien, og føre oss mot eit krakk, sit med ein alle tiders sjanse. Dei kan jo velje ein annan strategi enn den «alle andre» vel, og selje fisk medan resten sparer opp. Ein treng ikkje å vere klarsynt for å sjå at motstanden mot både rullerande MTB og desse strakstiltaka er fundert på svært vikarierande motiv. Det er jo og friviljug kor mykje av MTB ein ynskjer å nytte. Og dersom ein eksempelvis styrer kring fjerdeparten av den norske produksjonen, kan ein jo lett påverke det totale utbodet av fisk. Det må vel vere eit av poenga med å ha so stor marknadsmakt?

Samstundes med at ein skjelv over ein mogleg overproduksjon og medfylgjande prisdropp, er det ei anna utfordring som er høgst reell, om enn ikkje like omtala. Kostnaden med å produsere laks i Noreg har auka kraftig dei siste åra. Dette kjem i skuggen av at prisane har vore høge, men det er i høgste grad med på å svekke konkurranseevna til norske produsentar. Noko kan skrivast til det eg vil kalle naudsynte opphentingar, slik som NS 9415. Men mykje handlar om at ein har fått ei fordyra drift, spesielt gjennom arbeidet mot lus. Har vi gode nok strategiar på dette feltet?

Ei analyse av kostnadssida i norsk lakseproduksjon bør vere ein viktig premiss for havbruksmeldinga. Då den nye tildelingsforskrifta kom uttalte eg; «det verkar som sjølv borgarlege politikarar trur at selskap kan betale nærast kva som helst for å produsere litt meir laks». Det kan hende at til og med ein del oppdrettarar trur det? Kanskje har vi for dårleg kontroll på kva marginalkostaden har vore på å auke produksjonen? Det er i alle fall verdt å merkje seg at nokre av dei mest lønsame selskapa over tid, er små aktørar som har hatt konservative produksjonsplanar.

Ei evaluering av det aukande kostnadsnivået må og medføre ein gjennomgang av nokre svært kostbare tiltak som har vorte gjennomført dei siste 5 åra. Eg tenkjer då spesielt på sonearbeidet i Midt-Noreg og Hordaland. Dette var tiltak som vart lanserte som heilt avgjerande, men etter at dei vart sette i verk har ein sett merkeleg lite ros over kor godt dei fungerer. «Det kunne vore verre utan», er knapt nok egna som argument for so krevjande tiltak. Dette er so omfattande at det bør helst verke strålande. Heilt sidan dei første sonane kom, har det blitt snakka om at dei burde vere større. Då er det vel legitimt å spørje kor store dei må bli før dei verkar? Her trengst ei kost/nytte-vurdering, og ei samanlikning med eventuelle andre tiltak som kan ha like god eller helst betre effekt.

Eg meiner at den annonserte 5 % veksten bør leggast på is, og at ein no jobbar fram havbruksmeldinga fyrst. Der trengst ei oppteljing i norsk havbruksnæring. Mykje arbeid har blitt gjort for å kartlegge miljøstatus, dette må koplast med kunnskap om dei andre elementa i bærekraftsbegrepet; økonomi og sosiale forhold. Vi treng og ei avstemming av alle regelverka som regulerer næringa, det synest no å eksistere både overlapping og motsetnad mellom ulike lover og reguleringar. På teknologisida må ein ta eit val; ynskjer ein å drive fram ny teknologi, må dette syne att både i arealtilgang og andre rammevilkår. Ein kan ikkje satse tungt på teknologi som ein ikkje veit om ein får lov å bruke.

Mitt råd til statsråden og hennar folk er dette: Ikkje lytt til enkeltaktørar sine påstandar, og ikkje sats vidare på dårlege tiltak berre fordi dei har kosta mykje å setje i verk. Havbruksmeldinga må vere ei presis statusoppdatering for norsk laksenæring, og det krev at ein del grundige undersøkingar vert gjort. Desse må spenne frå økologi til økonomi, frå rogn til marknad. Dette vil setje framtidas politikarar i stand til å ta strategiske val. Vi treng langsiktige og stabile rammevilkår for vår tredje største eksportnæring, kysten si viktigaste vekstnæring.