Løyvet til å legge eit heilt fjordstykke under støv i 50 år, harmonerer dårleg med den strenge og gode forvaltninga havbruksnæringa har på sine lokalitetar. Der skal ein kunne påvise full restitusjon av havbotnen i løpet av månader. Areal, mengde og nedbrytingstid er her i heilt ulike divisjonar.
Fjorden som no skal nyttast som eit utstillingsvindauge for lagring av gruveavfall, har som Nasjonal Laksefjord store avgrensingar for bruk til havbruk. Deponiet blir liggande i skiljet til verneområdet. Både miljøinteresser, fiskeinteresser og havbruksinteresser har gjennom heile utgreiingsprosessen poengtert dette paradokset. Det har ikkje blitt vektlagt.
HI mot politikarane
Medan Havforskningsinstituttet har fått fullt gjennomslag for sitt syn i den ferske Havbruksmeldinga, har dei blitt overhøyrte i høyringa om gruvedeponi. Gjennom Miljødirektoratet har regjeringa konkludert med at samfunnsinteressene av gruvedrift er større enn miljøulempene. Tydelegvis i motsetnad til havbruksaktivitet, der ein no lagar modellar som kan redusere produksjonen.
Ideen om at eit direktorat skal gjere denne avveginga av miljøinteresser mot samfunnsinteresser, verkar søkt. Vi vel inn politikarar og lønar dei av fellesskapet si kasse for at dei skal ha dette ansvaret. Fagmiljø kan synleggjere omfang av påverknad, men dei er ikkje eigna til å vekte samfunnsnytte. Det vil alltid vere ei politisk avgjerd, og då bør ho gjerast av folkevalde.
Tungindustri mot primærnæring
Mykje i Noreg er bygd av og rundt tungindustrien. Naturressursane har gjeve oss velstand gjennom å legge elvar i røyr, pumpe olje opp av havbotnen, foredle metall, grave ut kol og sprengje fram mineralar og metall frå fjellet. Industrikompetanse har gjeve oss mykje aktivitet og innovasjon.
Men Noreg er og bygd på primærnæring. Fisk og skog og kval har sikra oss eksportvarer, landbruket har gjeve oss mat på bordet og det landskapet og busetnaden vi reknar som det urnorske. Generasjonar har overlevd på graut, sild og poteter, vi har bygd byar på fiskehandel og eksport.
Likevel møter vi ofte synet på at desse næringane er sære og antikvariske, i motsetnad til den effektive og sterke industrien. Avgjerda i Førdefjorden ser mest ut som nok eit avsnitt av forskjellsbehandling.
Nei mot ja i Sogn og Fjordane
Det høyrer med til historia at Sogn og Fjordane fylke er i ferd med å bli prinsessa som har sagt nei so lenge at ho snart står i fare for å døy ugift. Fylket har lagt store deler av sine areal under vern. Vern mot inngrep har blitt vern mot aktivitet. Mostand mot utvikling har blitt trugsmål om avvikling. Fylket sine overføringar er under nedbygging, heile statusen som eige forvaltningsnivå er under press.
Når klokkene ringte på Aker Brygge i går for ei innbringande nyheit for gruveinvestorane, var der nok mange fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane som kjende seg letta over lyden av bryllaupsklokker i det fjerne. Ein ventar seg mykje ut av samlivet med gruveindustrien.
For havbruksnæringa i fylket er dette nok eit hinder for målet om føreseielege rammer for utvikling. Nok eit område er utelukka for fiskeproduksjon. Frykta er at dette skal vere eit langt større areal enn det konkrete deponiområdet. Næringa har greidd å halde på eit magfald av verksemder og ein god slaktekapasitet, men ein produserer for lite fisk til å oppretthalde alle på sikt. Der må skje ei utvikling. Vi får tru at politikarane og Miljødirektoratet ser samfunnsnytten av denne næringa og.