Kvifor ordførarane engasjerer seg for oppdrett

Når ordførarar i distriktskommunar vel å engasjere seg for lokale arbeidsplassar, er det sjølvsagt fordi dei ser dette som viktig for å kunne halde oppe sysselsetjing, busetnad og velferda i sine lokalsamfunn og regionar. For medan diskusjonen går høgt kvar gong statlege stillingar skal flyttast mellom byar, er utkantane i stor grad avhengige av kommunal sektor og det lokale næringslivet. Og her er kvar einaste arbeidsplass viktig.

For nokre tiår sidan var staten ein synleg aktør i dei fleste kommunar. Posten, politiet og andre etatar hadde lokale kontor. Landbruk og fiskeri/havbruk hadde lokale rettleiarar som var statleg tilsette. Ettersom tida gjekk, vart desse tenestene stadig meir sentraliserte, eller heilt borte. Noko skjedde med teknologien og kommunikasjonane si utvikling. Noko var reine innsparingar. Uansett vart det ei samfunnsendring der du ikkje lenger kunne rekne med personleg oppfylging, eller lokal tilpassing.

Kva som ville vere det ideelle servicenivået i dag, er ikkje eit enkelt spørsmål. Ein er sjølvsagt avhengig av å kunne mønstre den rette kompetansen, og at dei tilsette får nok å jobbe med, både i mengde og spennvidde, til at dei byggjer erfaring og kapasitet. Men eit poeng er at dette er sokalla «kompetansearbeidsplassar» som har blitt borte frå kommunane, på same tid som statleg sektor har hatt stor vekst.

Eg vil seie at omgrepet «kompetanse» her er brukt for snevert. Eg har vakse opp mellom fiskarar, bønder, handtverkarar, lærarar, sjukepleiarar og andre med svært ulike oppgåver og utdanningsløp. At ikkje kvar og ein av dei hadde særeigen kompetanse, og ikkje minst viktig kompetanse, vil vere underleg å påstå. Kompetanse handlar ikkje berre om lengda på skulegangen. Men, om du likar det eller ikkje, samfunnet har lagt til rette for at fleire skal bruke fleire år på å ta formell utdanning. Og til liks med at fleire har nytta seg av denne rause moglegheita, forventar dei og å kunne nytte seg av den kunnskapen dei har spesialisert seg i.

Folk i dag kan tillate seg å ynskje «relevant» arbeid. Eit lokalsamfunn må helst kunne tilby ein variasjon av jobbar for å vere attraktivt, og alle i ein familie må kunne møte eit dekkande tilbod. Distriktskommunar har gjerne ein mangel på folk med yrkesfagleg bakgrunn, både i primærnæringane og i handverk og tenesteyting. Også i skuleverket og helsevesenet har mange problem med å få kvalifiserte folk. For andre yrkesgrupper er jobbmarknaden langt meir sentralisert, sjølv om nye kommunikasjonsløysingar kan vere med på å gjere kravet om arbeidsstad meir fleksibelt.

Pakkeriet Martin E. Birknes på Byrknesøy i Gulen, Foto: Firda Seafood Group

For kystkommunar har havbruksnæringa blitt viktig for å skape både mengde og breidde i arbeidsmarknaden. Saman med verftsindustri, mekaniske verkstader, nokre handverk og ein del leverandør- og serviceverksemder, utgjere den gjerne den delen av lokale bedrifter som kan tilby spesialiserte jobbar og administrative oppgåver, til liks med arbeid i produksjonen. Næringa står på skuldrane til lokal kunnskap om husdyrhald, arbeid på sjøen og kunnskap om drift og vedlikehald av tekniske løysingar.

Samstundes har havbruksnæringa og blitt viktig for finansieringa av kommunal sektor. Havbruksfondet gir etterlengta armslag for mange kommunar, samstundes som personskatt og busetnad er med og sikrar inntekter. Næringsdrifta sikrar og styrkar infrastruktur og økonomisk aktivitet i lokalsamfunna, direkte og gjennom ringverknader.

Men medan sentrale politikarar strøymer til diskusjonen om flytting av arbeidsplassar i Fiskeridirektoratet mellom Bergen og Tromsø, har ei gruppe lokale ordførarar og nokre fylkespolitikarar stått ganske åleine saman med næringa i saka om nedtrekk i lakseproduksjonen i heile Vestland fylke. Vanlegvis stridslystne stortingsfolk har toa sine hender, enkelte bypolitikarar har jamvel brukt tyngde i partiet sitt for å setje distriktsrepresentantar på plass.  Og her er det altså ikkje snakk om å flytte rundt offentlege stillingar mellom byar som slite med å handtere veksten i busetnad og trafikk, men å legge ned private jobbar i kystkommunar med eit stadig tynnare driftsgrunnlag.

Om det politiske målet er å sentralisere ytterlegare både styring og skatteinngang til staten, er dette ikkje godt nytt for distrikta. For staten satsar ikkje i desse kommunane. Det blir snakka om utjamning og overføringar, og dette er sjølvsagt viktig, fordi kommunane blir pålagde mange oppgåver frå staten, og folk rundt om i landet bør ha eit felles minstekrav for tenester og velferd.  Men omfordeling av pengar skaper ikkje aktive lokalsamfunn i seg sjølv. Det må folk ta seg av. Ein er prisgjeven personlege initiativ og satsing. Og det er langt meir truleg at lokale bedrifter vil utvide si satsing lokalt, enn at staten vil det. Det er ordførarane og deira veljarar smerteleg klar over.