Nytt nedtrekk vil ramme arbeidsplassar hardt

Meninger
0

Nok ein gong vert det vurdert nedtrekk for produksjonen av laks og aure i heile Vestland fylke, som fylgje av trafikklyssystemet. Dette til trass for at lusetala i oppdrettsanlegga i 2023 var dei lågaste på mange år. Eit tredje nedtrekk vil gå hardt ut over arbeidsplassar og investeringar. Både Havbruksutvalet og Havforskningsinstituttet meiner ein bør innføre andre verkemiddel for å nå måla.

So langt har produsentane i produksjonsområde 4 (Nordhordland til Stad) fått eit nedtrekk på 12 prosent. For Firda Seafood betyr dette 4.200 tonn mindre fisk til slakteriet på Byrknesøy. Med eit nytt nedtrekk, reknar vi med ein samla reduksjon på 6.300 tonn. Dette råstoffet er det same som 42 fulle arbeidsdagar, eller nesten 9 veker, om ein slaktar 150 tonn kvar dag.

Oppdrettarane sør i fylket har til no fått 6 % nedtrekk, og står også i fare for nye 6 %. Dette rammar dei på same måte som oss, og  vil og gå og utover vår tilgang på råstoff til foredling. Det er sjølvsagt at dette vil ha store negative konsekvensar for dei tilsette, og konkurransekrafta til bedrifta. Folk treng jobb heile året, og det må vi kunne tilby.

Ved sidan av drifta på sjøen og ved foredlingsanlegget, råkar kutta og hardt i settefiskproduksjonen og hos våre leverandørar. Ringverknads-analyser syner at ein arbeidsplass i havbruk genererer 4,6 millionar kroner i verdiar for samfunnet, og at kvar arbeidsplass i næringa generer 1 arbeidsplass i omkringliggande aktivitet. Det fortel at djupe kutt i produksjonen er krevjande for langt fleire enn havbruksbedriftene.

I rapporten som Havbruksutvalet la fram i haust, var det tydelege rådet at ein bør evaluere og korrigere trafikklyssystemet. Fleire rundar med reduksjon i biomassen har ikkje gjeve dei resultata ein ynskjer for vill laksefisk, sjølv om det har kravd store kostnader for produsentane. Nedtrekk blir vurdert som eit lite målretta og vilkårleg  verkemiddel. «Vi må ta problemet og ikkje symptomet», har utvalsleiar Linda Nøstbakken uttalt.

Med den same økonomiske innsatsen i ny produksjonsteknologi, er det råd å sjå føre seg at ein ville oppnådd langt meir. Miljøteknologiordninga som var på høyring under den førre regjeringa, er sett på vent. I skatteforliket med Venstre vart det lova ei «miljønøytral» ordning, utan at det har kome noko meir konkret om det. Næringa står no utan ei tydeleg marsjordre for ei storsatsing på nye driftsformer. Lovverk og rammer må kome på plass, før ein kan setje i gang med so store investeringar. Løysingane må stå seg for mange tiår framover.

Også Havforskningsinstituttet, premissleverandøren for forskingsdata til trafikklyset, er no tydelege på at der må gjerast endringar i måten ordninga er innretta. Direktør for Akvakultur ved HI og medlem i Havbruksutvalet, Geir Lasse Taranger, har vore tydleg på at dagens ordning med nedtrekk er lite målretta.

Firda Seafood har valt å møte nedtrekka på ein offensiv måte. Vi har gjort omfattande grep i produksjonen for å styrke biologien og førebygge helse- og velferdsproblem hos fisken. Nye verkemiddel, i form av utstyr og produksjonsstrategi er på plass. Vi har investert i filetlinje og frysekapasitet på Byrknesøy for å skape meirverdi rundt produktet. Vi deler politikarane sine mål om at havbruk skal skape jobbar på sjø og land, og vere hjørnesteinsbedrifter lokalt.

Vi ber difor om at regjeringa lyttar til de faglege råda, og erstattar nedtrekk med meir målretta verkemiddel. Dette må skje allereie no, utan å svekke konkurranseevna til næringa på vestlandet ytterlegare. På denne måten kan ein sikre arbeidsplassar, nysatsing og mangfald i havbruksnæringa, samstundes som ein kjem nærare å nå dei måla som ligg til grunn for trafikklyssystemet.