Foredlingsbedrifter frå PO3 og PO4 i felles bekymringsmelding til Myrseth: – Me har ikkje tid til å venta på fleire lange utgreiingar

Nyheter
0

I eit brev til fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap), kjem toppsjefane i Bremnes, Firda, Inka og Sekkingstad med ei bønn om at statsråden skulle snu om nedtrekk i produksjonsområda.

Sidan det i starten av mars vart varsla «raudt trafikklys» og nytt nedtrekk i PO3 (frå Karmøy til Sotra) og PO4 (frå Nordhordland til Stadt), har det komme sterke reaksjonar frå lakseaktørar i områda.

Fire av foredlingsbedriftene har bede om at departementet vurderer alternativ, slik at dei kan trygge arbeidsplassane. Brevet er signert av dei daglege leiarane Lina Braanaas Utne (Firda Seafood Group), Andreas Mikalsen (Sekkingstad), Linda Litlekalsøy Aase (Bremnes Seashore) og Kari Marie Austevoll Lyssand (Inka).

Det motsette av økt bearbeiding
I brevet trekk dei fram anmodningsvedtaka som blei gjort under forliket mellom regjeringa og Venstre/Pasientfokus om grunnrenteskatt på laks våren 2023:

«Anmodningsvedtaket som gjeld våre bedrifter direkte, er at regjeringa skal «i løpet av våren 2024 legge frem tiltak for økt bearbeiding av sjømat i Norge». Det som no er i ferd med å skje, er for våre bedrifter det motsette av «økt bearbeiding». For å sikra vår evne til å tilby trygge og gode arbeidsplassar innan foredling, må me ha føreseielege rammer og sikker råstofftilgong», skriv dei.

Etter forliket skulle regjeringa fremme forslag om miljøfleksibilitetsordning i fjor. No er dei på overtid. Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) synest ikkje noko om at fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) i staden peiker mot havbruksmeldinga som kjem i 2025. Han forventar at statsråden leverer på ei miljøteknologiordning før året er omme. Foto: Tina Totland Jenssen

Les også: Bjørlo og Venstre gir regjeringen frist ut året: – Uforståelig for oss dersom dette drøyer til 2025

«Både i anmodningsvedtaka om lakseskatten og i havbruksutvalet sin NOU vert det peika på gode alternativ til nedtrekk. Me vil sterkt oppmoda om ta i bruk desse for å sikra arbeidsplassar og verdiskaping i foredlingsindustrien også på Vestlandet», fortset dei i brevet, som er datert 15. mars.

I brevet ber dei om å få stoppa dei komande nedtrekka. «Me ber om at statsråden hjelper oss med dette. Me har ikkje tid til å venta på fleire lange utgreiingar og meldingar, slik som stortingsmeldinga som er varsla i 2025. Til det er utfordringa blitt for alvorleg». Det ser likevel ut til at dei må gjennom sitt tredje (PO4) og andre nedtrekk (PO3) på rad:

22. mars var laksevekst-forskriften klar, og den fastslo at dei to «raude» områda må redusera produksjonen med inntil seks prosent. I den samanheng sa fiskeri- og havministeren at oppdrettsselskap i raude område kan søkja om å sleppa nedtrekk dersom dei kan visa til tilstrekkeleg låge lusetal.

På toppen av maneter og sjukdom
I brevet skriv konsernsjefane at havbruksnæringa, særleg på Vestlandet, dei siste månadane har vore ramma av hendingar som perlesnormaneter og fiskesjukdommen ILA. Dei fortel at foredlingsbedriftane blir hardt råka av slikt, og at dette har ført til lågare slaktevolum, mindre fisk til foredling, og utsetjing av slakt og foredling.

Mangel på råstoff har vidare ført til at mange foredlingsverksemder har måtta permittera sine tilsette. «Det gjeld også oss. Dette skapar uro, og risikoen for at me mister viktig kompetanse i bransjen vår er stor», skriv dei.

Les også: – Vi føler på stor usikkerheit no

Produksjonen ved Martin E. Birknes. Foto: Firda Seafood

Effekten av nedtrekka i trafikklyssystemet blei ei ekstra byrde. «Våre eigarar og våre leverandørar held i hovudsak til på Vestlandet. Når desse får stadige nedtrekk i produksjonsvolumet sitt, går dette ut over foredlingsverksemda vår. Det betyr enkelt og greitt at me no har fått ein grunnleggjande svikt i tilførsla av råvarer til foredlinga vår. Dette forverrar situasjonen vår og gjer at me får dårlegare konkurransevilkår enn andre aktørar både nasjonalt og internasjonalt», fortset dei.

Les også: Ikkje berre lokale konsekvensar når trafikklysordninga vert «tolka» av fiskeriministeren