– Vi føler på stor usikkerheit no

Nyheita om nedtrekk i produksjonen av laks- og aure på heile Vestlandet har sett sitt preg på stemninga ved foredlingsanlegget Martin E. Birknes på Byrknesøy.

– Det er lite prat og spent stemning blant arbeidarane no. Vi føler på ei stor spenning for kva dette vil ha å seie for jobbane våre på sikt. Det seier tillitsvalt for dei tilsette i fabrikken, Galyna Tilgner.

Ho kjem frå Ukraina, men har jobba på Byrknesøy sidan 2010.

– Eg leiger bustad på Mjømna no, men har lyst å kjøpe meg eit hus på Byrknesøy. Men det er dyrt, og eg kjenner på om det er trygt å gjere ei slik investering no.

Korta inn i begge endar
Fiskeforedling er ein bransje der ein er vane med å handtere svingingar i råstofftilgang. Firda Seafood Group har i dag ein eigen produksjon på om lag 20.000 tonn aure i året. Fabrikken bør ha 45.000 tonn fisk for å ha drift heile året gjennom. Det vil seie at ein må skaffe råstoff frå andre, anten ved å kjøpe inn fisken, eller å pakke på vegne av andre eksportørar.

Når heile Vestlandet skal trekkast ned med seks prosent av produksjonskapasiteten, blir ein korta inn i begge endar. Bedrifta får lågare produksjon sjølve, samstundes som tilgangen på ekstern fisk bli mindre. Og konkurransen mellom aktørar er hard. Landindustrien i fylket konkurrerer om ein stadig mindre pott.

Større og større prøvar
– Vi har investert tungt med håp om vekst. Å kunne auke vår eigen produksjon, og å tilby gode tenester som andre vil nytte seg av. Martin E. Birknes er i dag eit topp moderne slakte- og prosesseringsanlegg i sitt slag, med blant anna ny filetlinje,innfrysningslinje og fryselager. Vi føler vi har gjort det politikarane har bede oss om, skapt arbeidsplassar på land og meirverdi av fisken som blir produsert. Men dei styrande set oss på større og større prøvar, seier Tore Larsen, direktør for prosessering og sal ved bedrifta.

På fabrikken på Byrknesøy heng ei tavle med oversikt over fisken som skal kome inn i dagane framover.

– Vi har merka det når det nokre periodar er lite å gjere, at folk blir usikre. Dei ser opp på tavla og lurer på korleis dette vil gå. Nokre har kjøpt hus, lånt pengar i banken. Vi har par der begge jobbar på fabrikken. Dei har etablert seg med familien på Byrknesøy. Då blir ein fort usikker på korleis ein skal klare seg, fortel Galyna Tilgner.