Ikkje berre lokale konsekvensar når trafikklysordninga vert «tolka» av fiskeriministeren

Meninger
0

Det er gjort mykje godt arbeid med å få ned lusemengda i lakseindustrien, og det vert investert store pengar i dette fordi det er rett utifrå fiskevelferd og dermed lønsamt på sikt. Når lusearbeidet gjev resultat forventar næringa at trafikklysordninga vert brukt utifrå føresetnadene. Dette er ikkje tilfelle denne gongen.

PO4 ligg denne gongen i gul sone og burde gje status quo, men fiskeriministeren ser «rødt», og gjev pålegg om ytterlegare nedtrekk med 6%; totalt 18%.

For dei oppdrettarane som har sett i gang tiltak og har lukkast i stor grad er dette fortvilande.

Ola Braanaas er ein av dei. Han har brukt hundrevis av millionar på ulike metodar og utstyr på å få ned lusemengda, og har lukkast med det.  Men likevel blir han straffa med ytterlegare 6% nedtrekk.

Ola nemner i fleng kva konsekvensar dette får for slakteri, vidareforedling, smoltproduksjon, salg og eksport, servicebåtar, hotelldrift, kultur og kommunale ringverknader  – oppsummert til mange færre arbeidsplassar lokalt i Gulen.

Men det er ikkje berre Gulen dette får konsekvensar for.

Det er mange leverandørar til oppdrettsnæringa som ikkje nødvendigvis ligg i same kommune som den lokale oppdrettaren eller slakteriet. Dette fordi dei skal levere varer til eller yte service til mange ulike oppdrettarar og slakteri/filetfabrikkar. Mange av desse leverandørane ligg heilt andre stader i landet; nokre kjempelangt frå Gulen; gjerne på Rena, Indre Trøndelag, Sarpsborg, eller til og med i Oslo.

Dette kan vere produsentar av oppdrettsutstyr, mekanikk, elektro, datautstyr eller det vi kjenner til: emballasje.

Nesseplast har produsert emballasje frå byrjinga av 1960-talet, og produserte den første fiskekassen som vart tilpassa Euro-pallen. Emballasjeproduksjonen har gått i bølgedalar, og i starten var det hovudsakeleg industriemballasje, bilstolar, sykkelhjelmar og liknande. Marknaden var heile landet.

Endra marknad
Dei bedriftene vi tidlegare leverte emballasje til har stort sett rømt landet, og Nesseplast produserer i dag hovudsakeleg emballasje til fisk og leverer frå fabrikkar i Høyanger Kommune og Bømlo Kommune. Vi ligg dermed tett på kysten og lever av fiskemottak og lakseslakteri på vestlandet, som t.d. på Byrknesøy.

Nesseplast er såleis ei av mange bedrifter som ikkje nødvendigvis ligg i same kommune som har lakseslakteri eller filetfabrikk, men som «lever og andar» i same takt som desse. Sameleis som Ola på Byrknes må gjere, så må vi styre planane våre etter nokre mål i framtida. Vi må planlegge investeringar, forbetringar, antal tilsette osv i forhold til målet. Når Ola og andre får beskjed om å trappe ned så gjeld dette det same for oss i nabolaget.

Vi har hatt to nedtrekk i PO4, og har allereie teke konsekvensar av dette. Vi har tradisjonelt hatt relativt store investeringar i utstyr og forbetringar for å vere leveringsdyktige til Byrknesøy og andre anlegg på vestlandet. På anlegget som ligg i det verste «nedtrekksområdet» har vi i nokre år lagt mange investeringar på is i vente på «gult lys» eller betre. Vi stansa alle nye tilsetjingar for nokre år sidan, og har redusert talet på tilsette for å tilpasse oss den nye situasjonen. Dette er heilt naturlege og nødvendige tilpassingar som vi må gjere når marknaden endrar seg. Men kjekt er det ikkje.

Gult lys positivt?
Når vi no fekk vite at vi ligg i gul sone trudde vi at vi kunne «pusse støvet» av tidlegare planar og sjå fram mot grønt lys om nokre år. Slik blei det ikkje, og planane våre får ligge i ro fordi fiskeriministeren endrar på parametera som ligg til grunn.

Og dette gjeld ikkje berre oss og han Ola. Det gjeld ei mengd bedrifter langs kysten, i oppdrettskommunar, i nærliggande kommunar og til og med på indre austlandet.  Og ikkje nok med det. Alle desse bedriftene har også underleverandørar som får levert mindre varer og må gjere sine tilpassingar, og til slutt blir veldig mange små og store samfunn negativt påverka.

Meininga med oppdrett som element i distriktspolitikken var vel det motsette. Vi må i alle fall kunne stole på at styresmaktene ikkje endrar spelereglane undervegs og gjev han Ola på Byrknes og alle dei som er stolte leverandørar til oppdrettsnæringa føreseielege vilkår.