Arven i Solund

Meninger
848

På nyåret 2010 høyrde eg for første gong om Ecomerden. Jostein teikna med ivrig tusj opp merden på ein flip-over på kontoret sitt. «Nokon kjem til å knekke koden for å produsere fisk i lukka anlegg i sjø, og det kan like godt vere oss», sa han, med ei sterk tru i røysta.

Med «oss» meinte han Sulefisk og sivilingeniør Jan-Erik Kyrkjebø. Samarbeidet mellom desse aktørane hadde alt ei lang historie, Sulefisk hadde kjøpt fôrflåtar og fôringsanlegg frå Kyrjebø sine selskap Feeding Systems, og seinare Feed Control. Men dette nye prosjektet var av ein heilt annan grad på innovasjons-skalaen.

Jan-Erik og ArildFem år og kring 20 millionar kroner seinare, kan vi vandre rundt på Ecomerden på Noryards sitt verft på Laksevåg i Bergen. Jan-Erik syner stolt rundt på denne aller første utgåva av merden, ferdig samansveisa og med presenning i botnen. Om berre nokre dagar skal den slepast nord til lokaliteten i Solund, eit steinkast frå kontoret der Jostein synte fram dei enkle skissene av det som skulle bli ein heilt ny måte å produsere fisk på for verksemda hans.

Haustar som ein sår

Samstundes er der stor aktivitet ved Sulefisk sin lokalitet Fureholmen. Med hjelp frå bedrifta sin største arbeidsbåt, haustar det hollandske selskapet Hortimare plantane dei har hatt ståande i sjø i vinter og vår. Integrert Akvakultur, taredyrking integrert med lakseoppdrett er eit prosjekt som vart sett i gang på same tid som Ecomerden. No har spede forsøk blitt til hydraulikk og hausting. Taren vert ensilert med same metode som eit vanleg silopress, og no skal ein gjere forsøk med raffinering.

Hausting1Gjennom målretta utprøving har Job Schipper og selskapet hans jobba seg fram mot fullskala utsett av tare i nærleiken av Sulefisk sin lokalitet. På same lokaliteten driv ein og utprøving av Stingray sin luselaser. Taredyrkinga i Solund har vakt internasjonal interesse, og har motteke stønad frå Innovasjon Norge, Marint Verdiskapingsfond i Sogn og Fjordane, og sjølvaste EU. Gjennom ulike prosjektfasar har ein lært om taren sin vekst, effektive dyrkingsmetodar og teknologi for utsett og hausting.

Når det hollandske teamet no hentar inn taren frå havet, er det godt på ha hjelp av Sulefisk sitt utstyr og mannskap. Dei rutinerte sjøfolka Eivind Espeland og Olav Mikkelsen handterer båt og bruk med stø hand. Eivind var med og stifta Sulefisk saman med faren og onkelen sin tidleg på 80-talet, og har sett heile utviklinga frå små og enkle merdar og mykje manuelt arbeid, til dagens nyvinningar med elektroniske løysingar og pumpekraft.

Satsing og vilje

Hausting2Det har ikkje kome av seg sjølv, det som no materialiserer seg kring Sulefisk i Nesefjorden. Heile vegen har ein satsa for å utvikle, og styrt etter ein strategi om ei ny og meir framtidsretta oppdrettsnæring. God ressursutnytting og effektive metodar har stått i fokus. Det kostar litt ekstra for alle involverte å satse på noko nytt, framfor å berre hauste av kunnskap ein allereie har. Men som Jan-Erik Kyrkjebø seier det, når han ser utover Ecomerden som snart skal setjast på havet; «Det blir nok ein heilt spesiell følelse å sjå fisken symje rundt nedi der. Det er berre synd at Jostein ikkje får vere med på det».