Maktfordeling kan vere vanskelege greier. Akademikarar kan få lyst til å vere politikarar, og politikarar kan få lyst til å vere byråkratar. Byråkratar kan få lyst til å vere lovgjevarar, journalistar kan få lyst til å vere domstol. Det er lett å forstå freistinga til å ta seg til makt, eller fråskrive seg ansvar.
I sak etter sak ser ein at våre fremste politikarar skubbar byråkratiet, akademia og rettsvesenet framfor seg, i staden for å setje ein kurs. Dette er problematisk for demokratiet og tilliten til den politiske makta. Samstundes er det ressursøydeleggande og til hinder for utvikling.
Politikken som sport
Livet som karrierepolitikarar har sjølvsagt endra seg mykje gjennom åra, Dei ideologiske linjene blir stadig meir utviska. Kommunikasjonen blir stadig meir dressert. Standpunkta blir til slagord, eller til teologiske læresetningar frå profetane i SSB og sentralbanken. Effektivitet er ikkje eit tema, forvaltninga er eit stort filter der den uklåre massen svært sakte blir til den finaste vin; vedtaket.
Samstundes er posisjonar og attval viktigare enn å etterlate seg eit politisk ettermæle. Stadige sekunderingar frå media held partia oppdaterte på om den siste spissformuleringa skaffa den effekten på meiningsmålingane som ein håpa på. Politikarane er oppslukte i ein konstant valkamp. Presset er som på ein fotballtrenar, kvar kamp kan bli din siste. Då er det er lite motiverande å vise handlekraft, utan å ha den tydelege emosjonelle støtta i opinionen.
Ressurstapet i å ikkje ta avgjerder
Som næringsdrivande opplever ein dei defensive, evigvarande prosessane der ein pussar og filer seg fram til ei avgjerd, som temmeleg utmattande, og stundom utslettande. Energien til å satse og det økonomiske grunnlaget for å investere blir borte på vegen. Det blir som julekortet som kjem fram i mai.
Ei anna kjensle ein sit att med, er at ingen ynskjer å ta ansvaret for å gje eit forpliktande svar. Vekta av ei avgjerd blir malt til pulver gjennom det labyrintiske systemet. Ingen skal kunne haldast personleg ansvarleg for utfallet. Kvifor har det blitt slik? Er vi blitt for opptekne av å straffe det modige, og lar det feige og unnlatande vere det tilforlatelege? Er det viktigare å seie det korrekte, enn å få noko gjort?
Vi treng uansett å endre dette handlemønsteret. Resesjonen av å ikkje skjere gjennom og kome til ein konklusjon er lammande og kostbar. Konsekvensen av at stat og folk/næringsliv ikkje kan ha ein konstruktiv dialog og opplyse kvarandre, blir ein meiningslaus uproduktivitet. Vi treng politikarar som stiller krav, skjære gjennom og set rammene. Det vil koste i form av mot og gjennomføringskraft. Men det vil gje avkastning.

