Er ikkje null utslepp best?

Null-utslepp høyrest fint ut. Null-lus høyrest like bra ut. Men eit teknologiskifte i havbruksnæringa må skje i avstemming med fiskevelferd, risiko for havari, og ikkje minst dei store miljøspørsmåla, som forbruk av energi og inngrep i urørt natur. Kan det vere lurt å gjere det stegvis?

I samband med nye incentivordningar og reguleringar i fiskeoppdrett, snakkar ein ofte om null-utslepp eller null-lus. Det siste er det mest realistiske. Ingen aktivitet har null utslepp, om ein reknar med alle innsatsfaktorane. Også om ein snakkar punktutslepp frå produksjonen, vil desse aldri bli null.

Lus og utslepp
Null-lus høyrest ut som ei hildring. Det er mogleg å oppnå, med produksjonsutstyr som stenger mellom fisken og havet rundt, med tette materiale og filter i vasstilførsla. Det finst etter kvart ei rekke døme på slikt utstyr som er prøvd ut. Tre ting er sikkert: Det er dyrare, meir teknisk sårbart og meir energikrevjande enn produksjon i nøter.

Det som er forlokkande med slik teknologi, er at du kan spare fisken for ein del kjende velferdsutfordingar, og at du unngår spreiing av lus til dei frie vassmassane. Dette kan skåne både fisken i  naboanlegg, og villfisk. Om du samstundes kjem ut av regimet for brakklegging, kan du produsere meir intensivt. Ei kort reingjering mellom fiskegrupper kan vere nok. Utan handtering og sjukdomsplager, vil fisken venteleg vekse fortare.

Så kjem det til litt usikkerheit, og nokre praktiske omsyn. Pumper og filter er meir sårbart enn vassutskiftinga i nøter. Det kan gå seg tett, bli øydelagt eller miste straumtilførsla. Naudstraumen må vere kjapp å kople inn, fisken toler ikkje lang tid utan sirkulasjon i karet/tanken/posen. Om du skulle oppleve massedød, vil det gå fort feil veg, frå lytefri fisk til ei fiskvelferdskatastrofe.

Andre kunnskapskrav
Teknologien krev annan kunnskap enn den ein brukar i dag, både teknisk og biologisk. Erfaring tilseier at den endra vasstilførsla vil by på nye typar fiskehelseproblem. Både det å hente vatn frå djupet, og det å reinse inntaksvatnet, vil gje nye typar smitte i vassmiljøet. Fisken vil gå tettare i slike anlegg, med mindre vatn rundt seg. Det kan og by på velferdsutfordringar.

Det å reinse vatn som går ut av anlegget, er ein god tanke. Du kan fange opp ein del tørrstoff, og gjenvinne noko av det til nyttige formål. Du kan og drive meir intensiv produksjon på lokaliteten, enn det ein reknar som forsvarleg i dag. Spesielt for lokalitetar som i dag blir rekna som mindre eigna, kan dette løyse ut eit potensiale. Det vil typisk vere inne i fjordar og viker, der utskiftinga er dårleg.

I meir opent hav, fastslår HI at problema med utslepp av næringssalt er små. Lovpålagd miljøovervaking på alle lokalitetar, førebygger at ein overbelastar området rundt anlegga. Reinsing, oppsamling og tørking utsleppet frå desse anlegga må sjåast i eit kost/nytte perspektiv. Kva vil det koste, og kor stor vil forbetringa vere? Slammet vil trenge ein eigen infrastruktur, med oppsamling, tørking og transport vidare til nokon som forhåpentlegvis vil gjere seg nytte av det. Den nytteverdien, samt ressursbruk og utslepp med heile prosessen, må setjast i samanheng.

Energibehov med ny teknologi
Nærleiken til land og kraftnettet, vil vere avgjerande for å føre straum fram til anlegga. Det vil krevje mykje elektrisitet å drifte dei, målt mot konvensjonell drift. SINTEF, som har engasjert seg ein del i dette spørsmålet, seier fylgjande: «Det veldig korte svaret er at lukka anlegg bruker ca. 15-75 gonger så mykje energi som konvensjonelle anlegg, om du kun ser på energiforbruket til sjølve anlegget. Om du telle med energibruk til fartøy, blir forskjellen litt mindre. Nokre estimat vi har viser at det i dag brukast ca. 220 GWh på konvensjonelle anlegg. Om halvparten av all produksjon flyttast til lukka anlegg, vil det gje eit totalt energibehov i storleiken 1.760 GWh til 8.360 GWh».

Her er utfallsrommet stort, men behovet for auka energitilgang blir uansett betydeleg. Det vil krevje nye linjer å få denne energien fram til anlegga, med tilhøyrande inngrep i natur. Og kvar skal krafta kome frå? Skal ein legge fleire elvar i røyr, med konsekvensane det måtte få for fisk og andre organismar i elv og fjord? Kva har ein då vunne? Eller må ein ty til den omstridde vindkrafta, med naturinngrep og skade for fuglelivet?

Er desse anlegga svaret på alt?
Kor trygge er ein på at null-lus anlegg er ei stabil og litande løysing? Kan ein til og med drive oppdrett i område som ein har verna frå slik produksjon? Til dømes inne i dei nasjonale laksefjordane? Dette vil i så fall gje tilgang på lokalitetar som er betre eigna for denne typen utstyr, enn ute ved opent hav.

Sogn Avis har stilt dette spørsmålet til ein av forkjemparane for slik teknologi, Norske Lakselver. Dei er atterhaldne: – I utgangspunktet vil vi halde dei nasjonale laksefjordane frie for oppdrett, og skal det kome oppdrettsteknologi innanfor desse grensene må den vere ekstremt godt uprøvd, seier Sigurd Hytterød, fagansvarleg for oppdrett i Norske Lakseelver, til avisa (22.08.2024).

Det er ikkje grunn til å tru at dei som skal betale for denne typen anlegg vil vere mindre opptekne av grundig utprøving. Investeringane vil vere svært store, og om ein samstundes vil fase ut produksjonen i dagens anlegg, er risikoen enorm. Ein skal då gje opp noko som har vore kommersielt lenge, og satse tungt på noko som framleis er usikkert, ikkje berre teknisk og biologisk, men og politisk og hos sektormyndigheitene.

Prisen for hastig omstilling
Har vi nokon samanliknbare omstillingar å sjå til? Ja, den eine er utbygging av fiskeoppdrett på land. Dette er i prinsippet ikkje noko nytt, settefiskproduksjon er langt eldre enn lakseoppdrett i sjø. Yngel og smolt har i lange tider blitt produsert i landanlegg for å setjast ut i naturen. Resirkuleringsteknologi for vatn har og vore i bruk lenge.

Likevel har det synt seg ein del utfordringar knytte til storskala matfiskproduksjon på land. Forgifting av vatnet som fylgje av oppsamlingar i kretsløpet, har vore eitt problem. Det har gjeve store tap av fisk. Her vil teknologien modnast, og kunnskapen kome problema i møte. Det same gjeld reinsing av inntaksvatn, der ein og har utfordringar. Bruk av sjø på landanlegg er mellom anna hefta med sår-problematikk.

Store utbyggingar på land har høge investeringskostnader. Dette har så langt vorte forsvart med at konsesjonane er vederlagsfrie, i konkurranse med dyre produksjonsløyve i sjø. Men det har etter kvart synt seg at slike utbyggingar, til liks med andre industriprosjekt på land, ikkje er populære alle stader. Dessutan har mange problem med å få knytte seg til straum. Det er knappheit og ventetid på dette i mange område.

Med andre ord møter ei vidare satsing på landanlegg i Norge på ei rekke hinder. Og for det som gjeld inngrep i urørt natur og energitilgang, synest det ikkje å vere noka kvikk løysing på hand. På bakgrunn av dette, samt ei massiv auke i byggekostnader og dårlege resultat frå ein del tidlege storsatsingar, har kapitalmarknaden og blitt langt meir lunken. (Her kan sjølvsagt ein ustabil skattepolitikk spele ei rolle). Og utan risikovillig kapital, vert det vanskeleg å få til satsing.

Energibransjen som døme
Ein annan sektor som strevar med ei enorm omstilling, er energibransjen. Dei fossile kjeldene kol og olje skal bort, og det same har vore målet for kjernekrafta. Fornybare kjelder som sol, vind og vatn skal byggast opp til å handtere heile behovet. I nokre europeiske land har ein prøvd seg på ei rask og effektiv omstilling. Gamle kraftverk vart stengde, og skulle erstattast med storsatsingar på fornybar. Dette har ikkje gått spesielt bra. Når russisk gass brått skulle ut av miksen, synte det seg at ein hadde lent seg tungt på denne. Resultatet av dette tilbodsside-sjokket, vart godt synleg også i norske straumprisar.

Lærdomen må vere at ein bør skunde seg med varsemd. Å bryte med det velprøvde for å lite på det nye, kan ende i krakk og kostnads-sjokk. Det vil kome konsekvensar ein ikkje har vore merksame på, og det vil krevje meir ressursar å «elektrifisere» og bygge meir komplekse anlegg. Det vil og ta lang tid. For å skape betre effekt raskare, kan det vere klokt å ta i bruk meir lågterskel løysingar snarast. Ei større satsing på såkalla skjerma produksjon, samt postsmolt, betre lokalitetsstruktur og eit meir målretta regime for lusehandtering, kan gje betydelege resultat temmeleg fort, medan ein ventar på at den tekniske utviklinga får gå sine påkravde rundar. Kanskje er ein evolusjon meir fornuftig enn ein revolusjon?