Ynskjer å lære politikarane oppdrettshistorie

500

Salmon Group vil dele ut boka «Opp som en bjørn – historien om Pan Fish» til utvalde politikarar under valkampen. – Vi opplever ein stor vilje til politisk intervensjon, men bransjekunna er ofte svak, seier informasjonsansvarleg i nettverket, Øyvind Kråkås.

Boka som kom ut i 2004, tek føre seg den største oppkjøpsbølgja i norsk oppdrettsnæring, då det børsnoterte selskapet Pan Fish tileigna seg store og små selskap langs heile kysten. Veksten skjedde på luftige løfte og romslege kredittar, i praksis eit pyramidespel. Til slutt enda giganten i bankane si varetekt. Pan Fish vart ein del av dagens Marine Harvest, då investoren John Fredriksen kjøpte seg opp i næringa.

– Der verserar ein del idear om store selskap og deira evne til samfunnsansvar som er nesten tragikomiske. Som til dømes at desse har eit større engasjement for miljøet enn lokaleigde aktørar. Akkurat som at til lengre vekk du kjem frå eit problem, til meir tek du det på alvor? Det er jo absurd, seier Øyvind Kråkås. Han meiner boka om Pan Fish syner kva ambisjonar som løftar fram eit børsnotert selskap; høgare aksjekurs og meir pengar til aksjonærane. Det er ikkje eit moralsk spørsmål, det er ei naturlov.

– Dei lokaleigde aktørane byggjer på ansvaret dei kjenner for naboskapet og for lokalsamfunna dei bur i. Verdiskapinga i desse selskapa går i større grad til samfunna rundt der fisken blir produsert, ikkje til skattesmarte kontoar i utlandet. Oppdrett er ei distriktsnæring, og produksjonen vil føregå i distrikta så lenge han finst i Noreg. Men det hindrar ikkje at verdiane kan bli skumma vekk til heilt andre stader. Å behalde lokal kapitaldanning bør vere eit mål for at oppdrettsnæringa skal gagne kysten best mogleg.

Salmon Group meiner at for dårleg innsikt i bransjen kan føre til fatal politisk feilnavigering:

– Når Bergenspolitikarar gjekk ut og flagga kor viktig det var at Marine Harvest skulle få kjøpe Cermaq, fordi det var det beste for Vestlandet, ser ein korleis enkelte heilt feilvurderer kva potensiale denne næringa har. Dei trur at dei er med på å skape noko stort, utan at dei evnar å begripe kva mangfald i ei slik næring betyr for landet. Ein gir vekk pokalen for å få vere med på banketten. Slik går det ikkje an å styre ei av våre viktigaste næringar.