Vil satse 50 millioner

450

Ola Braanaas og Firda vil investere 50 millioner i anlegg ved Arnafjorden i Sogn.

– Eg ville helst ha starta i går, seier Ola Braanaas om planen med å utvikla det 27 år gamle setjefiskanlegget i Arnafjorden.

Lakseoppdrettaren i Gulen kommune har stor tru på havbruksnæringa og det er årsaka til at han i mai kjøpte det konkursråka anlegget i Vik kommune, skriv Sogn Avis.

Bygt i 1986

– Forholda ligg til rette for å utvikla anlegget og me har inngått avtale med grunneigaren med tanke på å få hand om meir areal som er naudsynt for å kunne ta framtidsretta grep. Grunneigaren er veldig positiv og ser fram til at det blir meir aktivitet i bygda, seier Braanaas.

Anlegget på Tenne vart bygt for 24 millionar kroner i 1986 og var den gongen eitt av landets mest moderne anlegg som siste åra hatt ein stab på 2.75 årsverk.

Dersom Braanaas får ja på konsesjonssøknaden om å auka smoltproduksjonen frå ein million til 2,5 millionar, vil det skapa mellom 10 og 15 arbeidsplassar.