Vil klimaendringar ha noko å seie for framtidas sjømatproduksjon?

342
No samlast sjømatnæringa for å diskutere. 

Med Klimamarin – den første klimakonferansen for fiskeri og havbruksnæringen – setter SINTEF Fiskeri og havbruk, Veterinærinstituttet og NINA klimaendringar på dagsorden.

– Spørsmålet er korleis næringa tek inn over seg utfordringane som ligg der, seier Ulf Winther i Sintef Fiskeri og havbruk og inviterer næringa til konferanse.

4. og 5 juni samlast ein i Trondheim, melder FHL.

Effektivt nok?
FNs klimapanel leverte i mars en rapport der ein viste at økt global temperatur vil føre til lågare matproduksjon og dårlegare tilgang til ferskvann. Det kjem og til å bli meir ekstremvær, økt forsuring av havet og tap av arter ved truga økosystem. Under Klimamarin ønskjer ein diskusjon mellom deltakarar på korleis ein kan ta tak i utfordringane.

– Som næring må vi arbeide for å redusere miljøpåverknaden. Samstundes kan endringane i klima også gjeve oss moglegheiter til vekst innan nye områder. Effektiv sjømatproduksjon er ein føresetnad for å kunne gjeve nok mat til verdas aukande befolkning, seier Winther

Gjennom å samle forskarar, næringsaktørar og politikarar til diskusjon, ønskjer Klimamarin å sette ein tydelig agenda for miljø og utvikling i sjømatsektoren.