Vil ha ny ferje

362

Firda Seafood fryktar for framtida dersom ikkje ferjekapasiteten blir betre. Når ferja ikkje går som den skal, må dei sende transportørane sine ut på vegar som slett ikkje er eigna for tungtransport.

Fiskeeksportøren lastar kvar dag opp mellom åtte og ti vogntog med fisk som skal ut av landet. Men det er ikkje alltid like enkelt å kome seg til og frå anlegget på Byrknesøy. Ferja på strekninga Leirvåg-Sløvåg blir for ofte kansellert på grunn av teknisk svikt, meiner administrerande direktør Carl-Erik Arnesen.

Det fører til store problem for dei, og om ikkje ferja blir betre fryktar Arnesen at kjøparane vil svikte bedrifta.

– Vi blir mindre konkurransedyktige, og kundane blir frustrerte når fisken ikkje kjem når den skal, seier Arnesen til NRK.no.

Arnesen seier transportørane deira ofte opplever å kome til kaia, men så er ferja innstilt og vogntoga må dermed ta den lange omvegen tilbake til Knarvik, om E39 Romarheimsdalen, før turen går ut på fylkesvegar som ikkje er eigna for tungtransport.

Dette er ein tur som kan ta to-tre timar, og det er ikkje bra for sjåførane, seier Arnesen.

– Sjåførane kjem gjerne langvegsfrå og har korte tidsfristar på seg. Dette er fersk fisk som skal ut i marknaden på spesielle tider.

Han seier det han meiner er for dårleg ferjeregularitet kan råke bedrifta hardt om ting ikkje betrar seg.

– Vi blir mindre leveringsdyktige, og mindre til å stole på. Og då risikerer vi at kundane vel oss vekk, seier Arnesen til NRK.no.

Inge André Utåker som er regionsjef ferjer i Norled er kjend med kritikken, og beklagar at folk må vente på ferje. Men han kan ikkje love betring.

– Vi jobbar kontinuerleg med å betre den tekniske standarden på fartøya vi har i rute. Vi vurderer også om vi skal bytte ut det hovudfartøyet som vi har på denne strekninga med eit anna hovudfartøy.