Trenge vi små oppdrettsselskap?

325

Kronikk: – Jeg kan ikke skjønne hva vi skal med små oppdrettsselskaper, sa investor og redaktør Trygve Hegnar til VG. Vel, sjå litt på dette, Trygve, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Det er vanskeleg å vere sikker på kva Hegnar reknar som eit lite oppdrettsselskap, i si analyse meinar han at det er dei store som sysselsete folk og selge fisk til utlandet. Situasjonen er den at tyngda av norsk laks(og norsk fisk generelt) går til utlandet, rett og slett fordi vi produserer mykje meir enn heimemarknaden tek unna. På den andre sida er Lerøy, landets nest største oppdrettsselskap, ein stor leverandør til norske laksekundar. Den norske marknaden for fisk er betalingsdyktig, kvalitetsbevisst og veksande.

Salmon Group består av oppdrettarar med 2-10 konsesjonar, altså dei minste i klassen. Tilsaman produserte vi i fjor omlag 115 000 tonn laks, rundt 10 % av den norske produksjonen. Fisken blir omsett gjennom ei rekke oppkjøparar, og mykje ender opp i andre land. Samstundes leverer vi høgverdige røykte produkt og ferske produkt til norske konsumentar.

I Salmon Group sine 44 aksjonærselskap jobbar der rundt 350 tilsette. I tillegg kjøper desse ei rekke tenester hos underleverandørar, alt frå fiskefôr til rekneskapstenester. Samla organiserer Salmon Group innkjøp for rundt 1,5 milliard kroner i året. Omsetnaden til selskapa i nettverket varierer sjølvsagt med lakseprisen, men med ein gjennomsnittspris på 35 kroner pr. kilo, vil den overstige 4 milliardar kroner i året.

Den store produktivitetsveksten i næringa har ført til at ein i dag kan levere over 1000 tonn laks årleg frå kvar oppdrettskonsesjon (780 tonn MTB). Snittet i Salmon Group er 1150 tonn. Dette gjere til at sjølv dei minste oppdrettsselskapa har ein betydeleg omsetnad målt mot samanliknbare selskap. Mange av Salmon Group sin aksjonærar er nøkkelbedrifter i sine lokalsamfunn. Dessutan syner tal på landsbasis at dei lokaleigde verksemdene ligg heilt i tet kva gjeld resultatmargin. Det er altså ikkje dårleg lønsemd i å vere liten.

Utfordringa for dei mindre verksemdene har ikkje vore at dei har høgare produksjonskostnader enn dei større, eller ikkje klarar å produsere nok fisk til å vere konkurransedyktige. Hovudutfordringa dei seinare åra har vore at regelverk og forvaltningsregime har favorisert dei som driv over heile regionar, til dømes gjennom soneforskriftene.

Tekst: Øyvind Kråkås