Eit 67 meter langt dansk tanksip har gått på grunn i Hyllestad i Sogn og Fjordane, melder NRK.
Det danske tankskipet «Dart» var på veg nordover mot Florø med boreslam då det gjekk rett på Grøneskjæret utanfor Skivenes.
– Eg må seie eg sperra opp augo då eg såg ein båt på høgste skjæret, seier lokalkjende Atle Inderøy til NRK.no.
Politiet opplyser at dei fekk melding frå HRS klokka 0530. Skipet har ei dødvekt på 759 tonn og var på veg frå Kopervik i Rogaland. Boreslam består som regel av vatn, olje, leire og ulike tilsette kjemikalie.
– Vi har fått stadfesta at båten står ganske langt opp på grunn, kring 20-25 meter. No er det flo i 07-tida, men dei må nok ha hjelp frå eit større farty for å komme av grunna, opplyser operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Dei veit først når det er flo sjø om skipet kjem seg laus av grunnen. Politiet kan førebels ikkje seie noko om kvifor båten har grunnstøytt.
– Men ut frå det vi har fått opplyst frå HRS kan vi legge til grunn feilnavigering som utgangspunkt, seier Avsnes.
Inderøy er utpå med båt og fortel til NRK.no at båten står høgt på land. Han trur båten både har feilnavigert og gått på med stor fart.
– Her har det vore stor feilnavigering. Han har ikkje lagt om kursen nord for Krakhellesundet. Truleg har han hatt stor fart. Den står tungt opp på, seier Inderøy og fortel at han ikkje ser synlege skader på båten eller oljesøl.
– Men eg vil tru at det er skader under kjølen, for det er jo fjell den har støytt på, seier han og trur det blir ein utfordrande jobb å få skipet av skjæret.
– No er det vel midt i mellom flo og fjære. Dersom dei skal ha full flo, så må ha kraftig tilleggsutstyr. Den står veldig kraftig oppå. Det gjer den, seier Inderøy.
Han trur det kanskje har vore dårleg vêr i natt, men meiner det likevel ikkje skulle vere mogeleg å gå så kraftig på skjæret.
Redningsskøyta Halfdan Grieg er på veg til Åfjorden og er venta framme i 09-tida. Også Kystvakta er på veg til staden. Politiet vil også sende mannskap.
– HRS har også varsla Kystverket i høve til å ta hand om eventuell forureining, men det skal ikkje vere fare for forureining, seier Avsnes.