Syvdelaks vann i USA

520

Då Washington Post kåra Costco sin oppdrettslaks til best i test, var det laks frå Syvde som lå på fatet.

Øvst på pallen står matvarekjeda Costco sin oppdrettslaks, som er frosen i pakkar og tilsett saltlake. Det som ikkje står i avisa er at denne laksen er pakka og produsert i Syvde, Norway, skriv Sunnmørsposten.

– Det er heilt rått. Her har vi knust alle storegutane i klassen, seier Roger Hofseth, som er eigar og toppsjef i Hofseth-gruppa.

Han kjøpte det nedlagde meieriet på Syvde, og har gjort det om til ein laksefabrikk som no altså kan skilte med tittelen «best i USA».

– Dette gir ein utruleg reklameeffekt for bedrifta, og for vår kunde i USA. Vi satsar no på at alle dei 20 millionar lesarane til Washington Post kjøper ein laksepakke kvar neste veke. Då vert det travelt i Syvde!, seier Hofseth.

Han kan også gle seg på vegner av norsk laksenæring. Norsk laks er både nummer ein og nummer to.

– Vi set på plass både skottane og chilenarane, meiner Roger Hofseth.

Dei fire variantane av villaks fekk 6, 8, 9 og 10. plass. Botnplasseringane overraskar ikkje laksegründeren frå Ellingsøy.

– Villaksen i Nord-Amerika er ikkje mykje å skryte av. Den kan heller ikkje samanliknast med norsk villaks, seier Roger Hofseth til Sunnmørsposten.

Washington Post konkluderer testresultatet på denne måten: « Dommen var definitiv, og overraskande. Oppdrettslaks slår villaks utan problem».