De tre småoppdretterne Langøylaks, Austevoll Melaks og Troland Lakseoppdrett vil ha rullerende MTB, og argumenterer for det.
På Salmon Groups hjemmeside har trekløveret fremlagt sitt syn på saken:
«Fiskeri- og kystdepartementet har sendt på høyring forslag om innføring av rullerande gjennomsnittleg MTB i lakse- og ørretoppdrettsnæringen.
Produksjonen i norsk oppdrettsnæring er regulert mellom anna gjennom konsesjonar. Ved at eit selskap får hand om ein konsesjon, innebærer det at ein til ei kvar tid kan ha maksimalt 780 tonn levande fisk i anlegget sitt (945 tonn i Troms og Finnmark). MTB er forkortinga for Maksimal Tillatt Biomasse, og antal konsesjonar avgjer kor stor biomasse ein til ei kvar tid kan ha.
Av naturlege årsaker er det krevande å utnytte dagens ordning fullt ut. Større selskap med lokaliteter i alle fire soner (haust oddetal og partal, vår oddetal og partal) kan gjennom differensierte utsett og slakt oppnå opp mot full utnytting.
Departementet ber i ei høyring om innspel og uttale på fire alternative innretningar av MTB-regimet.
1. 0-alternativet. Dette inneberer å fortsetja med dagens ordning.
2. Innføring av rullerande gjennomsnittleg MTB med same størrelse på tillatelse MTB som i dag (normalt 780 tonn, 945 tonn i Troms og Finnmark.
3. Innføring av gjennomsnittleg MTB med reduksjon i tillatelses MTB på for eksempel 5%.
4. Valfritt for enkeltaktørar; enten fortsetja med dagens ordning (alternativ 1), eller rullerande gjennomsnittleg MTD med ein reduksjon i tillatelses MTB (alternativ 3).
For tre små oppdrettarar i Austevoll, er Fiskeri- og kystdepartementet sitt initiativ til å omgjere dagens Maksimale tillatne Biomasse til eit gjennomsnitt for siste tolv månadar av svært stor betydning, og ein moglegheit for å kunne få attende litt av tidlegare tapt produskjonskapasitet.
Fôrkvotar
Før 1. januar 2005 var næringa regulert av fôrkvotar og merdvolum. Under fôrkvoteregimet frå 1996 t.o.m. 2004 utnytta selskapa fôrkvotene/produksjonskapasiteten nær 100 %.
MTB og soneinndeling
Frå 1. januar 2005 vart det innført MTB samstundes som det i Hordaland vart innført betydelege produksjonsreguleringar i form av PD soner (for å redusera smittefaren av Pancreas disease), og koordinert avlusing innafor større område. Ved innføring av PD- soner var det ein føresetnad at produksjonen for den einskilde skulle oppretthaldast, og samtlege produsentar skulle få tilgang til lokalitetar i minst 4 soner (haust oddetal og partal, og vår oddetal og partal).
Produksjonstap
Etter soneinndeling vart Austevoll Melaks, Langøylaks og Troland Lakseoppdrett sine lokalitetar lokaliserte i kun to soner, haust oddetal og haust partal. I forhold til å vere lokalisert i fire soner, medfører dette at selskapa ikkje har kunna ta del i produksjonsauken andre aktørar har kunna. Våre selskap har i dag gjennomsnittleg MTB utnytting på 67 – 75 % all den tid utsetts- og slakteperioden er avgrensa til ein liten del av året. Tilsvarande for selskap som kan produsere i alle fire soner vil kunne være opp mot 100 %.
Konkurransevridande
Det å vera liten oppdrettar og i tillegg vere representert i kun haustsoner medfører stor reduksjon i produksjonskapasiteten, som igjen bidrar til auka produksjonskostnader. Dagens MTB-reglement er på den måten konkurransevridande, noko ein heller ikkje får kompensert for på andre område.
Helseeffekt
Hensikta med PD forskrifta var ikkje reduksjon i produksjonskapasiteten for enkeltoppdrettarar, men skulle vere eit viktig bidrag i kampen mot PD og lusespreiing. PD er framleis ein utfordring for både liten og stor, men målretta arbeid med mellom anna PD-soner, vaksinering, avlsarbeid, smoltkvalitet, ernæring og PCR-screening, har i sum bidrege til betra fiskehelse og høgare overleving. Det er all grunn til å tru at denne positive utviklinga vil fortsetja.
Koordinert avlusing
Lakselus er den største biologiske utfordringa for næringa på Vestlandet no. Austevoll Melaks, Troland Lakseoppdrett og Langøylaks har med unntak av ein lokalitet alle sine lokalitetar plassert i lusekoordineringsområde 1 (LK1) i Midthordland fiskehelsenettverk. LK1 har kun haustfisk og lågt fisketal, all den tid aktørane og lokalitetane er små. Tilgangen på lokalfanga leppefisk er god, og ein har difor optimalisert bruken når det gjeld kvalitet, innblandingsprosent, skjul, reine nøter og fôring av leppefisken. Dette har bidrege til låge lusetal gjennom sommar og haust. I slutten av oktober aukar lusetala grunna auka påslag og naturleg dårlegare effekt av leppefisk. Samordna avlusing i heile området med tilfredstillande resultat gjer at ein får redusert lusepopulasjonen i heile området.
I område som er eksponerte for lus, er det ein fordel å kun sette ut haustfisk, då dette fører til liten fisk i sjøen om sommaren og tidleg haust når lusetrykket er størst. Leppefisken har som kjent best effekt på liten fisk. Fisken vert utslakta før lusepresset vert høgt sommaren etter. Langøylaks AS kjører i tillegg forsøk med rognkjeks som reinsefisk. Denne kan bli eit verdifullt supplement til vanleg leppefisk, særskilt på haust og vinterstid.
Lokalitets-MTB
Alle lokalitetar vert i dag grundig utreda med botnprøvar og ein teoretisk bæreevne vert lagt til grunn for kor stor biomasse lokaliteten kan bære. Eit selskap med t.d to konsesjonar kan pr i dag likevel ikkje få godkjent lokalitet større enn desse to konsesjonane. Lokalitets-MTB må vera eit miljøfagleg spørsmål, og ikkje koplast opp til konsesjonsordninga.
Oppsummert
For våre selskap er valet om å konsentrere produksjonen i haustutsett eit bevisst val. Som me har poengtert i teksten over, har fleire iverksette produksjonsregulerande tiltak ramma mindre selskap utilsikta hardt, og produksjonen til desse har blitt betydeleg redusert og fordyra.
Innføring av rullerande gjennomsnittleg MTB med 780 tonn som i dag, vil slik me ser det vere ei lite omstridt ordning. I motsetnad til tidlegare innførte ordningar vil ingen produsentar oppleve reduksjon i produksjonen som følgje av dette. Verken liten eller stor. Ein del mindre aktørar vil kunne ta att litt av den produksjonskapasiteten ein har mista ved innføringa av andre produksjonsregulerande tiltak. Denne auken vil vere moderat, truleg mindre enn auken ein får ved å evt. tildele nye utlyste konsesjonar.
Me er tre selskap som er viktige for våre lokalsamfunn. Selskapa representerer mange viktige arbeidsplassar og bidrar i verdiskapinga for landet. Me håper Fiskeri- og Kystdepartementet også ynskjer at det i framtida skal vere plass for mindre oppdrettarar og gjev oss rammevilkår som kan tryggja vår konkurranseevne.»
Langøylaks AS, 5387 Møkster
Austevoll Melaks AS, 5384 Torangsvåg
Troland Lakseoppdrett AS, 5384 Torangsvåg