Støtte til smoltproduksjon

483

NVE gjev Marine Harvest Norway løyve til vassuttak frå Fjæraelva og regulering av Rullestadvatnet for smoltproduksjon i Fjæra i Etne kommune i Hordaland.

Marine Harvest Norway AS får løyve til eit avgrensa vassuttak frå Fjæraelva og regulering av Rullestadvatnet med 0,5 meter i perioden 1. mai–31. oktober og 1 meter resten av året, til smoltproduksjon. Rullestadvatnet vil kun bli nytta som reservemagasin i nedbørfattige periodar. Løyvet vil gje grunnlag for å produsere 7,5 millionar sjødyktig smolt ved hjelp av fullverdig resirkuleringsteknologi. Vassuttaket skal ikkje vere større enn 10 m3/min som svarar til omlag 2 prosent av middelvassføringa i Fjæraelva. Det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket, skriv NVE på sine heimesider.

Av omsyn til laks og sjøaure skal det sleppast ei minstevassføring i Fjæraelva tilsvarande 600 l/s (36 m3/min) i tida 1. mai–31. oktober og 250 l/s (15 m3/min) resten av året.

Med mellom anna desse vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev med dette løyve.