Skatten som fekk kysten til å bråvakne

Meninger
0

At arbeidstakarar, politikarar og bedriftsleiarar langs heile kysten har ytt motstand mot grunnrenteskatten på havbruk, har skapt både overrasking og mistru blant journalistar, akademikarar og sentrale politikarar.

I havbruksnæringa er ein vane med at det meste blir oppfatta i verste meining. Eit møte med politikarar er utidig lobbyisme. Tilsette som uttalar seg til støtte for arbeidsplassen, er manipulerte. Lokalpolitikar som er opptekne av arbeidsplassar, like mykje som nye skattar, er illojale mot moderpartia, og heilt på villspor.

Næringa blir hevda å vere enormt mektig, samstundes som nesten alle større media heiar fram auka skattetrykk. Dei få økonomane som har synt skepsis til om havbruk faktisk kvalifiserer til grunnrente (til dømes den ikkje heilt ukjende Victor D. Norman), blir feia under teppet. Debatten er prega av slagord som «dei rike må yte meir» og «det er på høg tid at denne næringa betalar for seg», sjølv om Fredrik Solvang på NRK avdekkjer at det uansett ikkje er dei svakaste som skal få desse pengane, heller.

Det er kanskje unorsk å slå ring om arbeidsplassar i privat sektor? Eigentleg ikkje, i industrien har folk ofte røyst seg for å verne om jobbane. I fiskeri og landbruk har ein vore gode på å bruke organisasjonane for å bli høyrt i Oslo. Men i havbruket har rammevilkår vore oppfatta som noko meir topptungt, bedriftene ligg spreidd rundt i distrikta, og arbeidstakarane har vore mindre samkøyrde.

Men denne gongen, med det kupp-aktige stuntet som regjeringa la opp til, har folk langs heile kysten bråvakna. Folk som har sett at staten trekkjer seg attende frå distrikts-Norge. Helsevesen, politi og statlege etatar ryggar ut av kommunane og inn i stadig større regionar. Samstundes har enorme beløp blitt sutla vekk i samanslåingar, og påfølgjande krav om oppløysing, av kommunar og fylke.

Mange i distrikts-Norge lit ikkje på at staten og det offentlege vil sikre arbeidsplassar og velferd lokalt. Mange lit heller ikkje på at staten vil bruke pengane dei skal krevje inn på ein måte som vil hjelpe dei svakaste og gje betre tenester for folk flest. For den norske staten har vel allereie ein økonomi som skulle tilseie at ein kunne dekke dei mest primære behova?

Senterpartiet i regjering har ikkje klart å overtyde om at dei er heile distrikts-Norge sitt parti. Som nokon sa; det hjelper lite med gratis ferje om du ikkje har jobb. Arbeidarpartiet har ikkje greidd å overtyde om at dei tek ansvaret for å sikre sysselsetjinga i heile landet. Ideologi og symbolpolitikk er ikkje mykje å leve av. Ein må gjerne skulde på skumle lobbyistar og kyniske bedriftsleiarar. Men dette er demokratiet som har vakna og reist seg. Forhåpentlegvis før det var for seint.