Salmon Blog: Melding med heim

459

Då ein gjekk på ungdomsskulen var melding med heim eit av dei mest trasige verkemiddela du kunne bli råka av. Du var gjerne både forbanna, bekymra og såra der du tuska heim med det brennheite brevet i sekken. Kjensla var ikkje so heilt ulik etter fiskeriministeren sin tale under FHL-møtet i Trondheim, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Nokon sa til meg at statsråden nytta ordet «bærekraft» 28 gongar i løpet av innlegget. Eg var ikkje god for å telje, for fyrst trudde eg heile talen berre var eit ekko frå dei talane tidlegare fiskeriministerar har helde på tidlegare generalforsamlingar i FHL. Bodskapen var enkel nok; statsråden er villig til å gå langt, viss berre næringa kan ta på seg å bære ho.

For det er næringa som må rydde opp i luseproblema. Og rømminga. Og sjølvsagt er det det, ingen har vel vore innom tanken på å kalle ut statsråden for å hjelpe til ved avlusing med heilpresenning, eller til gjenfangst ved ei rømingshending? Derimot kunne ho vere å rekne med ved luseteljing, ho hadde funne ei lus under besøket i Madrid.

Nokon hadde sagt på førehand at ministeren ville kome med noko nytt og spennande til møtet i Trondheim. Kanskje rullerande gjennomsnitts MTB?! Nei, allereie på førehand vart det klart at den avklaringa er utsett. Kanskje er departementet tom for rull i reknemaskina, der er snart kasta fleire reknestykke på bordet enn der finst fisk i merdane.

Det vi fekk, var derimot noko av det eg hadde ynskt meg minst; ei ny melding. I fjor vart sjømatmeldinga lagt fram etter år med hausing. Statsministeren sjølv kom for å fortelje om sin kapasitet som filetarbeidar. Dagen etterpå var heile meldinga gløymt, og ikkje berre av dei som var sist på festen. Ho inneheldt ingenting handfast.

Neste år skal vi få ei havbruksmelding. Det har vi visst ikkje fått før. Truleg burde ein kommisjon vorte sett ned for å finne ut korleis vi har klart oss utan. Det vi veit, er at det vil skje lite medan vi ventar på meldinga. Ein kjøper seg tid gjennom slike prosessar. Då møtet var ferdig, var den siste gløden frå valdagen vekke hos meg. Og for å sleppe å tenkje på meldinga eg skulle ta med heim, kom eg heller i hug Olav H. Hauge sine ord:

I dag såg eg tvo månar,

ein ny

og ein gamal.

Eg har stor tru på nymånen.

Men det er vel den gamle.

(Diktet «I dag såg eg», frå samlinga Dropar i austavind, 1966)

For Salmon Group: Øyvind Kråkås