– Det er verkeleg trist at eit politisk parti har så lite kjennskap om ei av Noregs viktigaste eksportnæringar. Å byggje kommentarar på myter, faktafeil og fordommer kan bidra til å øydelegge eit godt rennome for norsk havbruk i utlandet, seier FHLs Øyvind André Haram i ein kommentar til Miljøpartiet De Grønnes angrep på oppdrettsnæringa.
– Noreg lev i eit demokrati med ulike meiningar, der ein sjølvsagt skal la ulike meiningar kome til ordet. Når kunnskapen derimot byggjer på rein uviten og grundige faktafei, er det på tide å la seg oppdatere, meiner Haram.
Han reagerer på eit nytt av angrep på oppdrettsnæringa, denne gang fra Miljøpartiet De Grønne, basert på det han meiner er manglande kunnskap.
– Norsk laks produserast i kanskje det beste eigna og minst forrureina havområdet i verda. Det vert tatt fleire tusen prøver av laksen kvart år for å kontrollere avfallstoff. Ikkje i ei einaste av desse prøvene har vore i nærleiken av grenseverdien som styresmakter både i Noreg og EU sett. Norsk laks er faktisk så rein at den kan etast rå!
– Nettopp i Frankrike, som er kjend som eit av verdas mest matkritiske land, har norsk laks gått heilt til topps. Det burde og De Grønne vite. Norsk laks har fleire gonger vore ingrediens i Bocuse D`Or. Ingen matvarer blir verdsmeister dersom den er helseskadeleg.
– Kronikken er underteikna Tom Sverre Strønen, norsk prest og politikar frå Hordaland. At ein norsk prest lyg direkte med påstander om «utstrakt bruk av antibiotika» sømer seg ikkje. 99 prosent av norsk laks er i dag ikkje i kontakt med antibiotika. Det er milevis unna det anna type matvarer utsettast for.
– I staden for å sitje på eit partikontor i Frankrike og «la seg ryste» over feilaktige påstander i useriøse tv-reportasjer, burde De Grønne både i Frankrike og Noreg ta turen dit kunnskapen delast. I neste veke møtast verdas havbruksnæring i Trondheim. Eg håper verkeleg at både Strønen og fleire frå De Grønne tek turen dit for å oppdatere sin kunnskap, avsluttar Haram.