– Råstoff til produksjonen

646

Mellom dei som håper på nye konsesjonar er bearbeidingsbedrifta Norsk Sjømat. – Vi reknar med å få, seier administrerande direktør Per Magne Grøndahl.

Ein outsider på søkjarlista er Norsk Sjømat Oppdrett AS på Stranda. Selskapet, som er ein del av Norsk Sjømat-konsernet, eig alt ein konsesjon.

– Vi treng fleire konsesjonar slik at vi kan skaffe oss råstoff til produksjonen, seier administrerande direktør Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat.

– Korleis vurderer du sjansane til å vinne fram?

– Vi reknar med å få, seier Grøndahl optimistisk til Sunnmørsposten.

Norsk Sjømat vidareforedlar laks, og Grøndahl meiner det er eit godt argument for å få av dei nye konsesjonane.

– Ein konsesjon skaper berre eit par arbeidsplassar i seg sjølv. Men vi driv vidareforedling i Norge. Så ein laksekonsesjon til oss vil gi maksimalt med arbeidsplassar her i landet. Og vi treng eige råstoff. Vi kan ikkje leve med at prisane svingar opp og ned med ti kroner på kort tid, seier Grøndahl.

Det er ein omstendeleg prosedyre for denne konsesjonsrunden. Det er tydeleg at styresmaktene vil unngå ein reprise på den førre, då det vart mange rettssaker i ettertid. Fleire av dei som fekk konsesjon selde dei dessutan etter relativt kort tid – med skyhøg forteneste. Selskapa i Sør-Norge konkurrerer i ein lukka bodrunde og i «open klasse».

– Vi har lagt inn bod, men eg fryktar at vi har lite å stille opp med i forhold til dei store lakseselskapa på børsen. Med dei lakseprisane som er i dag kan dei betale nesten kva som helst, seier Grøndahl til Sunnmørsposten.