Eit knippe lakseoppdrettarar tok i helga turen saman med AquaGen til årets rakfiskfestival i Valdres. Det innebar alt frå rakfisketing til anleggsbesøk.
Avlsselskapet AquaGen er leverandør av rogn til aureoppdrett i Valdres, og første helga i november nytta dei høvet til å ta med nokre av sine kundar på havbrukssida til å bli betre kjende med kollegane i innlandet, skriv Salmon Group på si Facebook-side.
Norsk Rakfiskfestival i Valdre er ein folkefest, og stadig fleire tek turen til Fagernes og nærleiken for å kåre den beste rakfisken. Ikkje alle dei utsende frå laksenæringa var like drivne i denne heilnorske retten, men han fall godt i smak hos dei fleste etter litt prøving og læring. Akkurat som med lutefisken, spelar garnityret ei vesentleg rolle i den totale matopplevinga rundt rakfisk.
8 ulike produsentar stilte med fisk til kåringa av årets rakfisk 2013. Ein folkejury smakar og stemmer fram den beste fisken. For å få eit reint smaksinntrykk, må ein smake på fisken utan noko tilbehør. Dette var nok streng nok kost for ein del av dei urøynde deltakarane, men det gjekk seg til med litt skyllemiddel i glasa. Produsenten Wangensten stakk av med prisen, skriv Salmon Group.
Dagen etter sjølve kåringa, var alle ved god nok helse til ei vitjing hos aureoppdrettaren Røn Gard. Her fekk ein sjå oppdrett av aure i ferskvatn, samt klekkeavdelinga og produksjonslokala for rakfisken. Røn Gard er den eldste profesjonelle aureoppdrettaren i Valdres, og har drive sidan 1965. Verksemda sysselset åtte årsverk, med ein årsproduksjon på 60 tonn aure. Dette er viktige arbeidsplassar og verdiskaping i det tradisjonelle jordbrukssamfunnet.