Pangstart for Marint Vekstforum

508

-Vi sette oss eit mål om at minst 20 personar burde delta på premieren til Marint Vekstforum, sa prosjektleiar Roy Sævik då han opna det første møtet i Florø i går. 38 interesserte var møtte fram for å høyre og diskutere om dei grøne konsesjonane.

Både temaet og innleiarane var valde med omhug for å få ei best mogleg lansering av forumet. Tord Dale, politisk rådgjevar for Lisbeth Berg-Hansen og Halfdan Melbye, partner og advokat i Steenstrup Stordrange, var hovudinnslaga på møtet. Oppdrettarar, leverandørindustri, eksportørar, politikarar, konsulentar, forvaltningsfolk og forskarar var møtte fram for å lære meir om tildelinga av dei grøne konsesjonane, skriv Salmon Group på si Facebook-side.

I tillegg heldt Jan Atle Stang, regiondirektør for NHO i Sogn og Fjordane,  Jon Erik Steenslid frå VRI Marin sektor og Tom Staveteig frå Sparebanken Sogn og Fjordane innlegg. Det viktige med å få etablert eit forum for fiskenæringane og tilhøyrande industri vart framheva.

Marint Vekstforum er arbeidd fram av ei gruppe frå oppdrettsnæringa og leverandørinsdustrien. Roy Sævik frå Hellenes Marine i Stongfjorden er leiar, Steinar Holen frå Østerbø Maskin, Geir Opseth frå Hellenes AS/Kunnskapsparken og Øyvind Kråkås frå Salmon Group site og i gruppa. Desse vil no legge ein plan for forumet si form og vidare aktivitet. Hovudmålsetnaden er at Marint Vekstforum skal vere ein møteplass for dei som er opptekne av marin sektor, og at samlingane skal ha relevante tema som fengar folk i heile verdikjeda.