Ottesen lovar reggae

591

Takka vere tett samarbeid med arrangementa Laksens Dag og Sildebordet, er musikkfestivalen til Florø Rockeklubb i år i stand til å toppe arrangementet sitt helga før Jonsok.

Rockeklubben har som vanleg konsertar på Haavebua fredag og laurdag denne helga, i tillegg leverar dei musikk i gata under Sildebordet fredag ettermiddag og Laksens Dag laurdag. Dette gjere den eldsjelbaserte klubben i stand til å toppe plakaten med reggaebandet Legend, eit hyllesband til Bob Marley.

– Dette gler eg meg utruleg til, det blir ein unik sjanse til å oppleve reggaestemning heime i Florø, seier Per Vidar Ottesen frå Rockeklubben til Salmon Group.

I tillegg blir det gjensyn med gamle vener i orkestera The Young Folk og Tupelo. Begge er irske og går inn i den solide musikktradisjonen frå Den grøne øya.

– Det er eit påkosta opplegg vi no tilbyr dei som oppsøkjer Florø denne helga, men takka vere festivalsamarbeidet Himmel & Hav er dette noko vi kan stå inne for, seier Ottesen. Fiskehandlaren og rockeveteranen har fleire festivalar bak seg enn det er fisk i eit middels sildekast, men han meiner årets festhelg vil bli noko heilt spesielt.