Osland Havbruk sponsa idrettsareal

580

Laurdag opna Bjordal/Søreide idrettslag eit flunkande nytt treningsrom på Søreide Bygdetun. Osland Havbruk var blant sponsorane.

To år har gått sidan Bjordal/Søreide idrettslag måtte flytte ut frå Osland Havbruk sitt lokale i Bjordal grunna ombygging, og saknet etter eit treningsrom har sidan vore stort, skriv Høyangerportalen.

– Det gjekk ikkje lang tid før vi sette i gang prosessen med å finne eit nytt treningslokale, og bygdetunet på Søreide framstod raskt som eit høveleg bygg å flytte til. Her har det stått eit rom utan ferdig golv og veggar sidan bygdetunet vart utvida for drygt ti år sidan, og då vi kontakta kommunen for å høyre om dei hadde nokre planar for rommet fekk vi til svar at vi kunne få disponere det fritt. 

Kommunen vart etter kvart meir involvert i prosessen, særleg sidan treningsrommet kan nyttast i tilknyting til fysioterapitenesta i bygget.

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med kommunen, som mellom anna har stått for ferdigstillinga av sjølve rommet. Idrettslaget har sjølv dekka 100 000 kroner av utgiftene av eigne midlar, og har fått ein tilsvarande sum frå Østerbø Maskin, Osland Havbruk, Sogn og Fjordane Energi, BKK og Søreide Grunneigarlag. Vi var også heldige som fekk innvilga ein søknad til Gjensidigestiftinga, som sikra oss 60 000 kroner  til nye treningsapparat og utstyr.

Førde håpar at treningsrommet no kan spele ei rolle i å få ungdom til å flytte heim igjen til regionen.