Nye eigarar satsar på Østerbø Maskin

430

Fjord Invest og Osland tar over Østerbø Maskin.

Østerbø Maskin har i 37 år vore leverandør av kvalitet og innovasjon. Det er difor heilt naturleg at slagordet vårt er: «Litande løysing». Litande løysingar skal me også levere i framtida. Difor vedtok styret i vinter å starta ein prosess for å finne strategiske samarbeidspartnarar og investorar som kan vere med å utvikle selskapet vidare.

Første fase av prosessplanen vår er no på plass, og me er stolte av å kunne meddele at Fjord Invest SørVest, Fjord Invest Såkorn og Osland Aktivum har takka ja til å vera med å utvikle selskapet vidare som aktive eigarar i Østerbø Maskin, skriver Østerbø Maskin i ei pressemelding.

Saman med nye eigarar ynskjer vi no å byggje vidare på plattforma skapt gjennom fleire tiår. Me kjem i tida framover til å arbeide med interne prosesser som vil gjere oss rusta til å satse kontrollert vidare mot spennande marknader som olje- og gassindustrien, oppdrettsnæringa, det offentlege og industrien. Selskapet leverer i dag produkt og tenester innan elektro, mekanisk, sakkyndig verksemd og innehar fleire gode agentur på relevante produkt til marknadane definert over, skriv selskapet.

Østerbø Maskin har i sine 37 år bygd opp eit godt namn og ei betydeleg kundeportefølje. Me har i skrivande stund den største ordrereserven nokon gong. Lang erfaring og høg kompetanse på strømaggregat har resultert i at me no tek på oss store installasjonar på dette feltet. Oppbygging av portefølje på sveiseprosedyrar og ulike sertifikat gjer selskapet i stand til å utføre eit spekter av jobbar som møter krava frå oljenæringa.

Lokaliseringa til bedrifta blir som før på Østerbø og i Gulen Industrihamn. I Gulen Industrihamn er vi i same bygg som dotterselskapet vårt, OM Marine Service.

Fjord Invest er eit investeringsselskap retta mot vekstselskap på Vestlandet. Vi utviklar selskap gjennom aktivt eigarskap. Vårt mål er å skape vekst, lønnsemd og varig konkurransekraft i selskapa der vi investerer. Fjord Invest forvaltar om lag 425 millioner kroner fordelt på fire fond og har i dag ei portefølje på 12 selskap.