Østerbø Maskin leverer den første ØM Yanmar Senusi Kun NCL-LX notvaskar til Hardangeroppdretter Lingalaks.
– Det er spesielt hyggeleg at Lingalaks AS blir vår første kunde på denne sidan dei har erfaring med tidlegare modell av notvaskaren vår, seier dagleg leiar i Østerbø Maskin, Steinar Holen. Lingalaks er lokalisert i Hardanger og vaskar seks lokaliteter med eige utstyr i dag.
Teknisk ansvarleg Oddvar Femsteinevik og Operatør Svein Inge Henriksen seier at dei er godt fornøgd med tidlegare leveranse frå ØM på notvaskar og at det var avgjerande for valet no.
– Enkel og grei, den tutlar og går, seier Operatør Øyvind Mo om vaskaren dei har i dag.
Eigar Erlend Haugarvoll uttaler: – Kunden er fornøgd når nota er rein og utstyret virkar.
Dei trekker fram at det er svært lite generelle vedlikehaldskostnader og lågt opperasjonstrykk gjer at slangar held lenge. Notvaskaren tek blåskjel utan problem, er enkel å manøvrere og taklar sterke straumar i sjøen.
Av negativ erfaring er det berre kameraproblem eit par gongar som skil seg ut. Dei nye vaskarane har nye type kamera med 92 graders vidvinkel framme og bak.
Henriksen ser fram til å få på plass den nye fjernstyrte notvaskaren som kan ta opp mot 1600 m2 i timen ved optimale forhold. Den nye vaskeroboten er bygd på same velutprøvde teknologi som dei tidlegare modellane. Minimalt med slitedeler og lang levetid på kvalitetsdeler frå Yanmar gir små vedlikehaldsutgifter og dermed skjeldan driftsstopp
– Det er viktig for oss at notvaskaren lagrar all info før og etter vask på film slik at dokumentasjon er tilgjengeleg. Denne vaskaren loggar alt dette på ein enkel måte, sier Henriksen.
– Lyddempa pumpeskid som er konstruert etter erfaring på Østerbø er eit ”must” sidan det er viktig at det er lite støy og kurant utstyr.