Ny doktoravhandling syner årsaker til gjellesjukdommar.
Cand.med.vet. Agnar Kvellestad disputerer 10. og 11. desember for graden dr. philos. ved Norges veterinærhøgskole med avhandlinga ”Gill inflammation in Norwegian seawater-farmed Atlantic salmon – a study of aetiology and manifestation”.
Gjellesjukdommar hjå oppdrettslaks i sjø medfører store tap i enkelte år, og dei førekjem særleg om hausten hjå laks som er sjøsett om våren. Agnar Kvellestad syner i doktoravhandling si korleis fleire ulike årsaker medverkar til desse sjukdommane, skriv nvh.no.
Ein av sjukdommane, proliferativ gjellebetennelse (PGI), har vore kjend sidan 1980-talet. Tapa har vore størst på Sørvestlandet. Årsakene har vore delvis kjende og det er trong for auka kunnskap slik at ein kan gjennomføre førebyggjande tiltak i større grad enn kva som har vore mogleg til no.
I dette forskingsarbeidet er sjukdomsendringane ved PGI nærare beskrivne vha. lysmikroskopi (histologi). Årsakene til PGI er fleire. I denne studien vart ulike sjukdomsframkallande organismar påviste i gjellene til sjuk fisk. Miljøfaktorar sin påverknad vart vurderte.
Eit til då ukjent virus, Atlantic salmon paramyxovirus, vart isolert og karakterisert. Viruset vart hjå sjuk fisk frå sjukdomsutbrot påvist i gjellevev med sjukdomsendringar, men det er ikkje dokumentert som ei primær sjukdomsårsak. Vidare vart det påvist to ulike bakteriar i gjellene, ein som var kjend frå tidlegare og ein ny, som finst i s.k. epiteliocyster og har fått namnet ‘Candidatus Branchiomonas cysticola’. Desse bakteriane kan vere blant dei primære årsakene til PGI. Parasittar, som vart påviste, synest å vere sekundære.
Miljøfaktorar vart vurderte, basert bl.a. på registreringar i oppdrettsanlegg og data frå Havforskingsinstituttet (www.imr.no). Resultata tyder på at sjukdomsførekomsten heng saman med høg sjøtemperatur, spesielt om den er høg i overflata i august.
Ein anna sjukdom, amøbe-indusert gjellesjukdom (AGD), vart første gong diagnostisert i Norge seinhaustes 2006. Den førekom då i anlegg yttarst på Vestlandskysten, dvs. på stader med høg saltkonsentrasjon. Spesielt i 2006 var sjøtemperaturen over det normale. Den var i august høg i overflata og seinhaustes høg djupare i sjøen. Denne sjukdommen har gjennom mange år vore eit stort problem i lakseopprett i Tasmania, og den kan i framtida komme til å gje store tap i norsk lakseoppdrett.
Forskinga er utførd ved Norges veterinærhøgskole og ved Veterinærinstituttet, og i samarbeid med andre forskarar ved desse institusjonane og i Austerrike og Irland.
Kunnskapen er med og dannar grunnlag for vidare forsking på gjellesjukdommar.