Med ei utsetjing av oljeboring i Lofoten og Vesterålen, ligge alt til rette for å satse meir på fiskeri og havbruk i regionen, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.
Då lakseoppdrett først etablerte seg i Noreg, var der mange som meinte at denne næringa aldri ville kunne etablere seg i Nord-Noreg. Som so mange gongar før og seinare, synte dyktige gründerar at mismotet var grunnlaust.
Etter kvart har oppdrett og pakking av laks vorte både ein drivar og ein hjelpemotor for fiskeindustrien i denne landsdelen. Tradisjonsrike verksemder som Gunnar Klo på Myre, driv vekseldrift mellom prosessering av kvitfisk og laks. På denne måten nyttar dei kapasiteten på pakkeriet optimalt. Tilpassingsevne har sikra verdiskapinga og arbeidsplassane.
Eit anna strålande døme på nordnorsk entreprenørskap, er verksemda Lofotprodukt på Leknes. Gjennom målretta produktutvikling og merkevarebygging er merkenamnet Lofoten no velkjent for dei fleste forbrukarar. Dei leverar foredla kvalitetsprodukt til den store marknaden. På heimesidene til verksemda kan ein lese at dei har som målsetnad å bli «Årets dagligvareleverandør» innan 2016.
På søkjarlistene til dei grøne konsesjonane kan ein lese at ei lang rekke oppdrettarar i regionen har gode prosjekt på gang, som kan vere med og løyse viktige utfordringar for bransjen. På område som rognkjeksoppdrett er aktørar i denne landsdelen i føraresetet. Kombinasjonen av innovasjonsvilje og kapitaltilgang varslar at der kan kome mykje god næringsutvikling her i åra som kjem.
Historia om Nord-Noreg er historia om den norske fiskeriøkonomien si vogge, og ei enorm verdiskaping i form av mat til heile verda. Samspelet mellom eit vakkert landskap, sjarmerande busetnad, ein gjestfri folketype og nærleik til naturkreftene, har gjort landsdelen til ein turistmagnet i Norgestoppen. Men historia om Nord-Noreg er og historia om vanskelege tider, utflagging av industri og enorme krav til omstilling.
Fisken er og blir viktig for landet og for landsdelen. Sjømatproduksjon er noko av det vi i Noreg er programforplikta til å drive med, på vegne av heile verda. Innanfor lakseoppdrett er der framleis eit stort vekstpotensiale i Nordland og Troms. Fordelen med eit uforløyst potensiale, er at du kan økonomisere vekk dei feila andre har gjort tidlegare. Den komande veksten i havbruk, vil bli den mest kontrollerte veksten so langt i historia, fordi vi byggjer han på opparbeidd kunnskap.
Gjennom å utsetje oljeboring i desse områda, seier politikarane at sjømat vil bli den viktigaste bærebjelken for regionen også i tiåra som kjem. Dette viktige signalet må fylgjast opp med tilrettelegging for vekst og utvikling, både på sjø og land. Det stolar eg på at fiskeriministeren frå Harstad vil prioritere. Lokale verksemder bør spele ei nøkkelrolle, og med deira vekst kjem arbeidsplassar og kapitaldanning til vidare satsing. Det er verkeleg grunn til optimisme på vegne av Nord-Noreg.