No kan det bli slutt på rare båtar under 15 meter

477

15-metersgrensa har gitt mange rare farkostar på sjøen. Nye forskrifter skal gjera arbeidsbåtane tryggare, og kanskje penare, skriver Bergens Tidende.

HAVBRUK 16.04.2014  Av Ove A. Olderkjær

Frå 1. juli i år blir det ikkje lenger mulig å sleppa unna reglar og forskrifter på nye arbeidsbåtar under 15 meter. I dag flyt det mange utstyrssvulmande laste- og servicefartøy på 14,95 meter som grunna 15-metersregelen ikkje er underlagt eit byggje- og tilsynsreglement, såkalla paragrafbåtar. No vil Sjøfartsdirektoratet senka grensa til åtte meter.

- Det finst mange typar paragrafbåtar, og ikkje alle er like fine å sjå på. Men poenget med omlegginga er å få tryggare båtar meir tilpassa dagens operasjonar, seier regionsjef Hans-Inge Algrøy i Vestnorsk havbrukslag til Bergens Tidende.

Flest under 15 meter

Det er den veksande fartøyflåten i oppdrettsnæringa som særleg blir omfatta av den nye forskrifta for lastebåtar under 24 meter som er ute på høyring for andre gong. Sjøfartsdirektoratet reknar med at det finst nær 500 service- og lastefartøy i laksenæringa, der over 80 prosent er under 15 meter, som også er under grensa for kravet til personleg mannskapssertifikat.

- Bruken av båtane våre har endra seg, blant anna innan kran- og slepeoperasjonar. Derfor er det behov for forskrifter og regelverk, seier Hans-Inge Algrøy.

Vil ha grense på 10,67 meter

Fiskeoppdrettarane har bede Sjøfartsdirektoratet om at det nye regelverket berre skal gjelda fartøy større enn 10,67 meter – det samme som for fiskebåtar, og ikkje åtte meter som direktoratet ønskjer.

I si grunngjeving for det nye regelverket skriv Sjøfartsdirektoratet at havbruksbåtane har forblitt under 15 meter, trass i at oppdrettskonsesjonane har blitt større og lokalisert i meir vêrharde område.

Fleire tilfelle av kantringar og skader som følgje av tunge løft, er klare signal på at desse fartøya ikkje lenger er dimensjonerte til å tena næringa sikkert og effektivt, argumenterer direktoratet.

Sertifikatkrav

- Det har vore utruleg lite ulukker med båtane, men næringa ønskjer likevel ordna forhold, seier Hans-Inge Algrøy i Vestnorsk havbrukslag.

- Innføring av regelverket er ikkje kontroversielt i næringa. Den største utfordringa er at det også kjem sertifikatkrav for dei som fører båtane. I løpet av dei neste tre-fire åra må også dei som har stått til rors i mange år skaffa seg sertifikat. Derfor har næringa sett i gong kurs som fører til sertifisering, seier Algrøy.

Mannskapskursa er på 160 timar, og legg særleg vekt på kunnskap om stabilitet og kranbruk.

Fortsatt 14,99 meter

Egil Risnes i Stord-selskapet Risnes Aqua Consult har lang erfaring med bygging og omsetnad av oppdrettsbåtar. Han har ikkje tru på at det nye regelverket fører til ein særleg stor nedgang i bygging av paragrafbåtar.
- Det vil bli bygt ein del større båtar enn før, men framleis også mange under 15 meter. For då kjem ein over terskelen som medfører meir utstyr og større mannskap. Det blir nok enno bygt båtar på 14,99 meter, seier Risnes.