Nettverksselskapet Salmon Group vil ikkje ha ei lokal særavgift for fiskeoppdrett.
Øyvind Kråkås, talsmann for Salmon Group, er motstandar av tanken om ei lokal særavgift, melder Firdaposten.
– Prinsipielt sett har Salmon Group stilt seg negative til alle typar særskatt retta mot oppdrettsnæringa, fordi vi meiner at dette er eit utslag av kortsiktig tankegang, og at samanliknbare næringar eller brukarar av kystareal ikkje blir belasta med liknande skattar. Dette er konkurransevridande, sier Kråkås, som meiner initativet ber preg av at ein ønskjer å auke skattetrykket på ei næring som i periodar har gått svært bra.
– Ringverknadane frå oppdrettsnæringa er store, og at ei tapping av kapital frå ei av få vekstnæringar i distrikta, truleg er ein bakvendt måte å drive næringspolitikk på. Som lokaleigde aktørar vil vi og peike på at mykje av grunngjevinga for ein slik skatt ligg i utviklinga av store, sentraliserte selskap med avgrensa landaktivitet knytt til oppdrettsanlegga. Våre eigarar bur i lokalsamfunna, skattar til kommunane og kjøper tenester der, seier han til Firdaposten.