Ottar Vartdal, som er eigar av Vartdalgruppa Fiskeoppdrett og Aquas Farms Vartdal, har motteke Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin næringslivspris for 2013.
– Ottar Vartdal har stått imot alle forsøk på oppkjøp. Gruppa er lokalt eigd og syter for mange arbeidsplassar på Vartdal og i Hjørundfjorden, framheva banksjef Sigrun Heltne Vartdal i Sparebanken då ho grunngav prisen, skriv Sunnmørsposten.
Ottar Vartdal eig Vartdalgruppa Fiskeoppdrett og Aqua Farms Vartdal, eit konsern med fire matfiskkonsesjonar, to setjefiskanlegg og eige slakteri og fryseri på Vartdal. Selskapet er hovudselskap i Vartdalgruppa Fiskeoppdrett. Ottar Vartdal starta med oppdrett saman med faren Rolf i 1979/1980. I dag har konsernet 40 årsverk sysselsette.
– Det har vore ei fantastisk reise. Eg har vore heldig som har fått jobba heile livet med hobbyen min, seier Ottar Vartdal til Sunnmørsposten. Avisa rosar Vartdal for å ha helde på det lokale eigarskapet. – Det er artigare å halde på når ein har full kontroll, seier Vartdal, som er optimistisk på næringa sine vegne. Han spår og rekordprisar på laks i 2014.