Møtte motstand frå fiskeinteresser

430

Det var fullt til siste benk då Osland Havbruk møtte lokalbefolkninga til informasjonsmøte på skulen på Nessane i Balestrand kommune.

Osland Havbruk søkjer ein lokalitet i Lånefjorden, på nordsida av Sognefjorden. Balestrand kommune har ikkje oppdrettsaktivitet i dag, men mange arbeidsplassar i kommunen er knytt mot næringa gjennom kasseproduksjonen på Nesseplast, melder Salmon Group.

For å klargjere for planane til selskapet, inviterte Osland til informasjonsmøte i samarbeid med næringssjefen i kommunen. Erik Osland og Geir Helge Østerbø møtte frå Osland Havbruk, Øyvind Kråkås var med frå Salmon Group.

Kring halvparten av dei frammøtte var lokalbefolkning, i tillegg stilte to lokalaviser og ei gruppe tilreisande frå Sogn Villaksråd og andre lokale fiskelag.

Spørsmåla frå salen gjekk på anlegget si oppankring, plassering og moglege utslepp, i tillegg til ringverknadane for lokalsamfunnet. Likevel gjekk mesteparten av taletida frå salen med til førebudde innlegg frå dei frammøtte fiskeinteressene. For desse var naturleg nok lusa den store motsegna.

– Vi jobbar mot lusa kvar dag, og vi meinar denne typen lokalitetar med mykje ferskvatn er eigna for bærekraftig fiskeoppdrett, svarte Erik Osland, som og la til at han ikkje var like pessimistisk på sjøauren sine vegne som kritikarane:

– I tillegg til vasskraftutbygging og tungindustri i Sogn, har me drive fiskeoppdrett i fjorden i 50 år. Og likevel er her både villaks og sjøaure, så eg trur den vil klare seg lenger enn oss som sit her i kveld.