Mistanke om rømming i Suldal

744

Uvanleg mykje oppdrettslaks i Suldalslågen førte til at nedsida av fossen i helga blei gjenopna for fiske etter at det eigentleg var stengt.

Fiskeridirektoratet har fått inn melding om mistanke om rømt fisk frå oppdrettsanlegg, men kunne måndag ikkje seia om dette er grunnen til alle oppdrettslaksane i lågen. Heile helga har det vore oppfiske av rømt oppdrettslaks i Suldalslågen, og seksjonssjef Anne Brit Fjermedal hjå Fiskeridirektoratet seier at dei måndag fekk inn mistanke om rømming frå oppdrettsanlegg. Men det er alt for tidleg å seia om dette har nokon samanheng med meldingane frå Suldalslågen, seier ho til Suldalsposten.
– Me har før helga vore i kontakt med aktuelle oppdrettsanlegg som har fått pålegg om å sjekka nøtene i anlegga, og fått munnleg tilbakemelding på at det ikkje er registert hol i nøtene hjå nokre av desse. All rømming skal varslast, også mistanke om rømming, seier ho.