Det er stort sett god stemning på Norwell i Florø, men i år har dei verkeleg grunn til å sprette champagnen.
Gode prisar og stort volum har ført til at salsbedrifta for laks i Florø har betre omsetning enn nokon gong. Allereie har dei passert milliarden og innan vi tikkar over i 2014 reknar dei med å omsette for 1,2 milliardar kroner, skriv Firdaposten.
– Prisen på laks varierer heile tida, men snittet i 2013 har i snitt vore på kring 40 kroner. Vi forventar at vi kjem til å ha ei omsetning på kring 1,2 milliardar innan vi går ut av året. Det betyr 30.000 tonn laks, seier Ingrid Kassen. Ho tok over som dagleg leiar i 2005, og alle desse åra har ho leia ei bedrift i vekst.
Heile 1.500 vogntog med laks som har selt på tradingrommet til Norwell i Florø.
– Vi har hatt ein jamn fin vekst. Omsetninga i år kjem først og fremst av den gode prisen vi har hatt på laks, men vi har også hatt volumvekst. Denne veksten er høgre enn produksjonsveksten noko som er ekstra gledeleg. Det betyr at vi tek større marknadsandelar, påpeikar Kassen.