Mette-Marit, laks, krabbe og kveite til Paris

1332

Kveite frå Høyanger, røykelaks frå Svanøy, krabbe frå Hitra og Salma-laks frå Bremnes blir med når kronprinsesse Mette-Marit besøker kunsthandverksutstillinga «Révélations» i Paris på onsdag.

Høyangerbedrifta Sogn Aqua er ein av få kveitoppdrettarar i Noreg, og den einaste som driv landbasert oppdrett. Jan Arne Brekke seier det er ei stor ære å bli plukka ut til menyen under kunstutstillinga i storbyen.

– Dette er veldig kjekt og spennande for oss. Vanlegvis sel vi mest lokalt og litt til restaurantar i Bergen og Oslo. Det at vi er plukka ut til dette, betyr at vi leverer høg kvalitet, seier han til NRK.no.

13 kunsthandverkarar frå Norge er med på utstillinga og det er venta 35.000 besøkjande og 600 journalistar frå heile verda.

Det er det fransk-norske selskapet «Saveurs de Norvège» som står bak serveringa av norske spesialitetar når kronprinsesse Mette-Marit og den franske utanriksministeren Laurent Fabius opnar kunsthandverksutstillinga «Révélations» i Paris på onsdag.

Det er kokkane Frode Alræk og Fredrik Sørensen som har fått oppgåva å samle inn norsk spesialitetar og som skal servere små kunststykke med norske smaker dagleg.

– Vi gler oss til å servere kveita frå Sognefjorden til kresne franske ganer, seier dei to.

I tillegg til kveita frå Sognefjorden er også hjortepølse og røykelaks frå Svanøy med. Det er også laks frå Bømlo, knudeost frå Jæren, krabbe frå Hitra og Salma-laks frå Bremnes.

Jan Arne Brekke i Sogn Aqua skal sjølv ikkje bli med til Paris, men ser fram til servere kveita si for første gong i Frankrike. No håper han på innpass på den franske marknaden.

– Kveite er ein norsk spesialitet. Vi håper å få fisken vår inn på nokre franske restaurantar for ein test.

Sogn Aqua driv framleis som småskalaprodusent og har som mål å levere høg kvalitet til restaurantar. Dei brukar kaldt vatn frå Sognefjorden i det landbaserte oppdrettsanlegget for å få ein spesiell kvalitet på fisken.

– Det betyr mykje for oss at vi kan levere bra kvalitet. Det har vi jobba med heilt sidan 2006. Draumen er kvalitet i det øvste sjiktet og det brukar vi mykje ressursar på. Vi driv vel meir med handverk enn ordinær oppdrett.