Mattilsynet innrømmer feil overfor Isqueen

495

Mattilsynet innrømmer no sakshandsamingsfeil i prosessen der verksemda Isqueen AS i Lofoten blei truga med dagmulkt på 100.000 kroner for ikkje å ha evaluert luseteljingar tilstrekkeleg. Saka er avslutta og avviket blitt sletta.

– Vi er glade for at Mattilsynet no har oppklara kva som har skjedd i denne saka, og at prosessen no får ei minneleg avslutning. Men det er ei påkjenning for ein lokal næringsdrivande å få ei slik anklage mot seg, og ikkje minst den negative merksemda det har ført med seg i media, seier Kurt Johan Svendsen, dagleg leiar og eigar i Isqueen AS.

Han legge til at han generelt opplever samarbeidet med et lokale Mattilsynet som godt, og at ein sakshandsamingsfeil ikkje endrar på dette.

– Eg har framleis sterk tillit til Mattilsynet, men håpar vi i framtida kan løyse denne typen misforståingar utan slike drastiske verkemidlar, seier Svendsen.